Turtips i Herøy; Storevarden og Keipen

 

Storevarden på Nerlandsøy

Lengde: 2,7 km
Vanskelegheitsgrad: Lett
Høgdemeter: 430 moh
Tid: Om lag 50 min
 
Flott fjelltur, med flott utsikt frå toppen. Turen er veldig godt merkt. Første partiet er på grusveg. Resten av turen er på fin fjellsti som er relativt tørr.
 

Start

Frå Fosnavåg følgjer du skilta til Nerlandsøy og Kvalsvik.
 
Parkering på Teigane rett etter at vegen startar til Teigetua. Forbi det kvite huset på oppsida av vegen er det plass til 2-3 bilar. Ikkje parker på den private parkeringsplassen som er merkt. Du kan også følgje vegen mot Teigetua og parkere ved porten. Her er det plass til 2-3 bilar.
 
Turen startar ved porten til Teigetua. Du går på grusveg om lag 1 km før du tek av stien til Storevarden (når du når siste bakketopp før vegen flatar ut og litt nedover). Følg den merkte stien med stolpar og refleks.
 
På toppen er det berre å nyte den flotte utsikta mot dei andre øyane og storhavet!
 
 
 

 

 

Skorpa

Å besøke Skorpa må planleggast godt, men er absolutt verdt turen. Ein kjem seg til Skorpa berre med båt og du må vere obs på flod og fjøre i innseglinga då ho har fleire småskjær. Flott plass å padle kajakk til når vêret tillet det.
 
På Skorpa får du oppleve ville fjellgeiter om du er heldig, eller du kan gå fjøra til Vårfjøset i Skorpesundet som vart brukt til gøymestad for mange under krigen. Vårfjøset er restaurert av Herøy Rotary. Øya har ikkje fastbuande, der er no berre fritidsbustadar. Dei siste som budde der fast flytta frå øya i 1970.
 

Keipen

Lengde tur/retur: 2,7 km
Vanskelegheitsgrad: Middels
Høgdemeter: 431 moh
Tid: om lag 1 time
 
Etter siste huset i busetnaden dreiar du nordover langs eit gjerde. Du får då auge på stien som du følgjer over ein steingard. Følg den steinmura stien vidare mot vest. Oppe på fjellryggen følgjer du stien vidare mot aust til toppen. Toppryggen mot Keipen er lett å gå, men ver varsam då der er bratte flog ned mot sjøkanten. Dette er ein flott fjelltur som gir deg nydeleg utsikt mot Nerlandsøy, Svinøya, Stadt og Sunnmørsfjella.
 
 
 
Kjelde: http://mrfylke.no/Morotur/Turar og Frå tare til topp; Turar og opplevingar Sørøyane på Sunnmøre
 
 

Vårfjøset

Lengde: 2,5 km
Tid: om lag 30 minutt
 
Dersom du har lyst til å ta turen til det historiske Vårfjøset kan du følgje stien langs fjøra. Stien går frå busetnaden på sørsida og austover mot Skorpesundet. Stien går gradvis høgre opp i sida til du har runda det søraustlege hjørnet av Skorpa, Klombraneset. Når du nærmar deg neset, vert stien gradvis betre. Etter passering av neset går stien gradvis lågare og dreiar nordover. Du møter vårfjøset midt ute i sundet.
 
Vårfjøset blei på nittitalet restaurert av Herøy rotaryklubb og oppbyd slik det var under krigen. I vårfjøset kan du lese meir om Vårfjøset si rolle under krigen, ete nistepakka di og til og med overnatte dersom du har med deg utstyr til det! 
 
Går du vidare frå Vårfjøset i om lag 15 - 20 minutt kjem du til Grøneneset, der får du ei fantastisk havutsikt. Du ser Mulevika på Nerlandsøy og Svinøya ute i havet.
 
 
Kjelde: http://mrfylke.no/Morotur/Turar og Frå tare til topp; Turar og opplevingar Sørøyane på Sunnmøre
 
God tur!
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300