Turtips i Herøy; Sandvikhornet

Dette er ein tur som gir deg fantastisk utsikt over heile ytre søre og havet.

Sandvikhornet

Lengde: 4,4 km tur/retur
Vanskelegheitsgrad: Lett
Høgdemeter: 336 meter
 
Turen til Sandvikhornet er ein populær tur som gir flott utsikt mot øyane i nord. Om du ønskjer kan du ta turen vidare til Storehanen, ein fin tur både til fots og på ski.
 

Korleis kome seg til der turen startar

Frå Ulsteinvik følgjer du fv 654 mot Fosnavåg. I krysset Moltustranda-Fosnavåg tek du til venstre og køyrer mot Moltu. Etter om lag 1 km kjem du til avkøyring mot Sandvika, ta til venstre her. Ta høgre ved postkassestativet. Hald til høgre og følg vegen til ein parkeringsplass. Du passerer eit gardstun, så vis varsemd. Følg grusvegen til parkeringsplassen.
 
Frå Fosnavåg følgjer du fv 654. Køyr i retning Moltu. Når du kjem til Sandvika tek du av til venstre. Ta høgre ved postkassestativet. Hald til høgre og følg vegen til ein parkeringsplass. Du passerer eit gardstun, så vis varsemd. Følg grusvegen til parkeringsplassen.
 

Start

Frå parkeringsplassen følgjer du grusvegen om lag 0,4 km opp til Sandvikskaret. Frå Sandvikskaret held du fram om lag 250 meter og tek til høgre på stein skilta med "Sandvikhornet". Følg stien til topps, 1 km. Her finn du turkasse med bok.
 
Om du ønskjer kan du ta turen vidare til Storehanen. Turen går då vestover på merkt sti. Turen frå Sandvikhornet til Storehanen sitt høgste punkt er om lag 3,4 km.
 
Same rute tilbake til Sanvika.
 
 
 
Les meir om turen og sjå detaljert kart og bilete her: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Sandvikhornet-og-Storehanen-fra-Tjoervaag
 
God tur!
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300