Turtips i Herøy; Lundeura

Ta med kveldsmaten til Runde og opplev Lundane i Lundeura.

Korleis kome seg til Runde/Goksøyr

For å kome seg til Runde følgjer du RV61 mot Fosnavåg. Følg skiltinga til Runde/Goksøyr. Goksøyr ligg på nordsida av øya. Like før Goksøyr kan du parkere på den store parkeringsplassen. Her finn du også toalettfasilitetar. Inga parkeringsavgift.

 

Lundeura

Fuglefjellet ligg på vestsida av Rundefjellet og er heim til om lag 500 000 fuglar, blant anna Lundefugl, Havsule, Krykkje, Alke og Lomvi. Lundefuglen er mange sin favoritt og er vanskeleg å telje der den gøymer reira sine i steinurer og jordhol, men her er mange titusenar av par, kanskje hundre tusen.
 
For å kome seg til Lundeura følgjer du same turveg som til fyret eit lite stykke oppover, etterkvart skiljer stiane seg og det er berre å følgje skiltinga mot Rundebranden og Lundeura. Turen tek om lag 30 - 40 min. alt etter alder og form.
 
Aktiviteten i Lundeura startar gjerne i midten av april, og den beste tida å besøke Lundeura er nok frå mai og utover sommaren. Er du der seint på kveld i 21.00-21.30 tida kan du vere heldig å få med deg når fuglane kjem heim frå fiske. Ei svært fasinerande oppleving for store og små!
 
Nokre linkar med bilete og turar til Lundeura:
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300