Turtips i Hareid; Rotarystien og Hovdenakken

 

Rotarystien på Hareid

Lengde: 5,5 km
Vanskelegheitsgrad: Lett
 
Fin gå- eller sykkelveg frå eleveosen på Indre Hareid til bilvegen i Kaldholen. Turvegen har nesten ingen stigning og passar for alle. Vegen går langs elva som har fleire fiskeplassar for laks og aure.
 

Start

Du kan finne stien ved elveosen på Indre Hareid, ved enden av Kvennhusvegen, ved brua nær Ekornesfabrikken, frå riksvegen på Grimstad og frå bilvegen nær Kaldholelva. Det er skilta og enkelt å finne.
 
Det er gratis parkering ved alle startstadane!
 
 
 

 

 

Hovdenakken

Lengde: 2,5 km
Vanskelegheitsgrad: Lett
Høgdemeter: 474 moh
Tid: Om lag 50 min til toppen
 
Fin fjelltur i lett terreng som passar for dei fleste.
 

Start

Frå Ulsteinvik følgjer du RV61 mot Hareid. Rett før toppen på Hareidseidet tek du av til høgre inn på ein grusveg. Ta til høgre igjen i neste kryss. Frå Hareid følgjer du RV61 mot Ulsteinvik. Rett før toppen på Hareidseidet tek du til venstre inn på ein grusveg. Ta til venstre igjen i neste kryss.
 
Fortsett på grusvegen opp Fjellsbrekkene. På toppen av Fjellsbrekkene når vegen startar å flate ut er der godt med parkering på venstre side av vegen.
 
Når du har parkert bilen er det lett å finne stien på same side som du har parkert. Første delen av turen går over eit lite myrområde, så over Ramnefjellet. Når du startar på Ramnefjellet kan det vere litt bratt i starten, og vått i periodar etter mykje regn. Det er lett å finne stien heile vegen. Når du har passert Ramnefjellet er det berre å følgje stien vidare over parti med berg og oppover til sjølve toppen. Fin utsikt på toppen over Hareidsdalen og Hareid.
 
Der er ei alternativ rute som er litt kortare, men tek deg over eit større myrområde. Dersom du vil lese meir om den ruta kan du sjå her: http://fjellglede.blogspot.no/2013/04/hovdenakken.html
 
 
God tur!
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300