Kva leitar du etter?

Vasskraft - fornybar energi

Slik jobbar vi med berekraft

Tussa produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, tilbyr IT-tenester frå eige datasenter og er ein stor elektroentreprenør med kompetanse innan energireduserande tiltak.

Tussa sin miljøpolitikk

Tussa sin visjon er: Med kraft til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. I tråd med visjonen skal Tussa kontinuerleg søke å betre sin eigen miljøprestasjon og aktivt arbeide for å fremje positiv, og redusere negativ påverknad på mijløet.

Vi skal:

  • Leggje vekt på og integrere miljøomsyn i arbeidet vårt, både internt og ute hos kundane våre. Dette inkluderer berekraftig ressursbruk og at vi tek omsyn til naturmangfaldet
  • Vidareutvikle ein bedriftskultur som set miljø på dagsorden, der tilsette kjenner til korleis konsernet påverkar miljøet
  • Etterleve både eigne krav og krav frå styresmaktene

Miljøleiinga i Tussa skal vere i samsvar med ISO 14001-standarden sine krav og føringar. Tussa sin miljøpolitikk skal gi grunnlag for å konkretisere miljøarbeidet og sikre at heile konsernet trekkjer i same retning for å nå miljømåla. Dette skal skje gjennom systematisk arbeid og kontinuerleg forbetring.

Politikken er tufta på Tussa sine kjerneverdiar, KRAFT, der kunde, resultat, ansvar, forandringsvilje og tillit og lojalitet står sentralt.

Miljømål

Tussa har tre overordna og langsiktige miljømål:

  • Alle medarbeidarane i Tussa skal kjenne til og etterleve Tussa sin miljøpolitikk og miljømål.

    • Vi skal vere ISO 14001-sertifisert
    • Vi skal redusere CO2-utsleppa våre med 10 prosent
    • Vi skal auke talet norske og lokale leverandørar der dette er føremålstenleg ut frå pris og kvalitet
    • Vi skal auke delen av miljøsertifiserte leverandørar og miljømerka produkt

ISO 14001 miljøleiing

Tussa jobbar med å bli ISO 14001-sertifisert innanfor miljøleiing. Det betyr at vi skal drive systematisk miljøleiing for å redusere fotavtrykket vårt og bidra til berekraftig vekst.

Ta gjerne kontakt

Vi svarar gjerne på spørsmål om miljø- og berekraftsarbeidet vårt.