Tussa 70 år

Med kraft til å skape i 70 år

Tussa sin visjon er å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Det som starta med eit ønskje om å produsere rein energi frå Tussafossen på Bjørke, har i løpet av 70 år endra lokalsamfunnet vårt, og gjort oss til det vi er i dag.

Rein, fornybar energi frå 22 vasskraftverk, fibernett i alle dei sju kommunane på søre Sunnmøre, IT-tenester frå topp moderne og miljøvenleg datasenter, og installasjonstenester til private og bedrifter.
 
Mykje har endra seg på 70 år, men noko er det same. Behovet for elektrisitet er like stort, om ikkje større enn før, og elektrisk kraft basert på fornybare løysingar er framtida for klima og miljø. Vasskraftproduksjon og ny teknologi gir store moglegheiter. Tussa er ein del av løysinga.