Vilkår for støtte til føredrag med Barnevakten

Som lokal leverandør av breiband, straum, IT- og installasjonstenester tek Tussa samfunnsansvar, og ønskjer å bidra til ein god oppvekst for barn og unge. Difor har vi inngått eit samarbeid med den ideelle organisasjonen Barnevakten, som tilbyr føredrag om nettvett for foreldre, barn og lærarar. Vi oppmodar deg til å arrangere føredrag med Barnevakten på skulen din.

Tussa deler ut til saman 10 stipend i året, fordelt på haust- og vårsemesteret. Verdien på kvart stipend er 5000 kr.
 
Kven kan søke om støtte til nettvett-føredrag?
Foreldregrupper og skular i dei sju kommunane på søre Sunnmøre kan søkje om støtte frå Tussa til å arrangere nettvett-føredrag med Barnevakten. 
 
Tussa prioriterer dei skulane som ikkje har fått støtte til føredrag tidlegare.
 
Kor mykje kan vi få i støtte?
Kvar søkjar kan få inntil 5000 kroner i støtte frå Tussa. Dette beløpet dekkjer honorar til føredragshaldar og seminardel til Barnevakten.
 
Søknadsprosessen:
Fyll ut og send inn søknadsskjema innan fristen. Søknaden blir behandla kort tid etter at søknadsfristen er ute. Du blir kontakta kort tid etter at vi har behandla søknaden.
 
Dersom du får støtte til å arrangere nettvett-føredrag med Barnevakten, får du ei stadfesting på dette frå Tussa. Du tek sjølv kontakt med Barnevakten for å avtale føredraget med dei. I kontakta med Barnevakten brukar du stadfestinga du får frå Tussa. Oppgjeret skjer direkte mellom Tussa og Barnevakten.
 
Tussa har rett til å informere nokre minutt om sitt arbeid i framkant av kvart føredrag.
 
 
Føredraget må gjennomførast i løpet av det semesteret ein har fått tildelt midlar for, for å få støtte.