Ein lokal medspelar - søk sponsorstøtte

Tussa ønskjer å gi noko tilbake til lokalsamfunna på søre Sunnmøre.

Eit stort utval frivillige lag og organisasjonar gjer bygdene våre til attraktive stader å bu, arbeide og besøkje. Sidan Tussa er eigd av kommunane på søre Sunnmøre, er det naturleg at vi fører verdiar tilbake til lokalsamfunna vi er så stolte av. Idrettslag, skisenter, musikkorps, lan-party, festivalar, kor og speidarar er mellom dei som får bidrag til aktivitetane sine.
 
Desse støttar vi:
Tussa gir litt støtte til mange, i staden for å gå inn som hovudsponsor for nokre få.
Sponsormidlane går i all hovudsak til frivillige lag og organisasjonar som driv aktivitet for barn og ungdom. Vi sponsar ikkje oppføring eller oppussing av fysiske anlegg, enkeltutøvarar, aktivitetar som er det offentlege sitt ansvar eller skuleturar/studiereiser.   
 
Fristen for å søke om sponsormidlar er 15. januar 2019
 
 

 

Krafttaket - søk om å delta

 
Kvart haust arrangerer vi konkurransen KRAFTTAKET. Gjennom Krafttaket ønskjer vi å engasjere frivillige lag og organisasjonar til å gjere ei gode gjerning mot å få sponsorstøtte.
 
Gjennom Krafttaket deler vi ut 100 000 kroner til 10 utvalde deltakarar.
Kor mykje kvar deltakar får kjem an på kor stor engasjement kvar einskild av
desse klarer å skape, og det er publikum som stemmer fram resultatet.
 
Krafttaket vert arrangert i september. Les meir om Krafttaket her!
 
 
Frist for å søke om å delta i Krafttaket er 31. august 2019