Vedtekter

Vedtekter

Vedtektene for Tussa Kraft vart sist endra i ordinær generalforsamling den 29. april 2016.

§ 1. FØREMÅL
Tussa Kraft AS er eit allmenngagnleg selskap som har til føremål å syte for produksjon, overføring og omsetning av elektrisk energi og stå føre utbygging av naudsynlege anlegg i den samanheng.
 
Tussa kan på forretningsbasis utvikle, produsere og selje produkt og tenester som styrkjer og utviklar konsernet.
 
§ 2. NAMN OG FORRETNINGSKONTOR
Selskapet sitt namn er Tussa Kraft AS. Forretningskontoret skal vere i Ørsta kommune.
 
§ 3. AKSJEKAPITAL
Aksjekapitalen er kr 30 320 000, delt på 3 032 aksjar á kr 10 000.  
 
Aksjekapitalen er fordelt på 962 A-aksjar à kr 10 000 og 2070 B-aksjar à kr 10 000.
 
B-aksjar kan berre eigast av norske kommunar og fylkeskommunar. Elles er aksjane likestilte.
 
§ 4. OVERDRAGING AV AKSJAR
Alle overdragingar av aksjar krev samtykke av styret for å vere gyldig. Samtykke kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn.
 
Aksjeeigarane har ikkje forkjøpsrett til aksjar som skifter eigar.
 
§ 5. GENERALFORSAMLING
I selskapet si generalforsamling har aksjonærane rett til å møte med rådgjevar.
 
Kvar aksje gir ei røyst. Generalforsamlinga avgjer sakene med vanleg fleirtal av dei røystene som er til stades, når ikkje noko anna er sagt i vedtekter eller lov.
 
Møteleiaren skil mellom like røystetal så nær som ved val som blir avgjort ved loddtrekning.
 
Ordinær generalforsamling blir halde innan utgangen av april månad.
Styret kallar inn til generalforsamlinga med minst 14 dagars skriftleg varsel.
 
Styremedlemene, administrerande direktør og revisor skal innkallast, men dei har ikkje røysterett. I innkallinga skal nemnast dei sakene som skal handsamast.
 
Generalforsamlinga skal føre møtebok med opplysning om tid og stad for møtet, om møtet er lovleg innkalla, kven som møter, dei sakene som blir førehatt og vedtak og røystetal i kvar sak.
På kvart møte vel generalforsamlinga 2 representantar til å skrive under møteboka saman med møteleiaren. Etter kvart møte blir utskrift av møteboka sendt alle aksjonærane, styret og revisor.
Ekstraordinær generalforsamling blir halde når styret finn det nødvendig og elles etter reglar fastsett i § 5-6 i Lov om aksjeselskap.
 
§ 6. GENERALFORSAMLINGA SIN KOMPETANSE
Aksjonærane utøver eigarskapen sin i generalforsamlinga som er det øvste organet i selskapet.
 
Den ordinære generalforsamlinga skal:
 
a) godkjenne årsrekneskapen og årsmeldinga, herunder utdeling av utbyte.
 
b) velje styremedlemer med personlege varamedlemer, valnemnd, leiar i valnemnda og fastsetje godtgjersle til desse.
 
c) velje revisor og fastsetje godtgjersle for han.
 
Elles skal generalforsamlinga ta avgjerder ved sal av aksjar som Tussa Kraft AS har i selskapa Mørenett AS og Tussa Energi AS.
 
§ 7. STYRET
Selskapet skal ha eit styre på 11 medlemer med røysterett. 7 av desse blir valde av generalforsamlinga medan 4 blir valde av og mellom dei tilsette i konsernet. Administrerande direktør møter i styret med tale- og forslagsrett, men ikkje røysterett. Fordeling av styremedlemer mellom aksjonærane er regulert i eigen aksjonæravtale.
 
Styremedlemer blir valde for 2 år. For dei aksjonærvalde med ein turnus der 3 er på val eine året og 4 på val det neste året.
 
Leiar og nestleiar blir valde for 1 år om gongen.
Leiaren, eller i hans forfall nestleiaren, kallar saman styret så ofte han finn det nødvendig, og når administrerande direktør eller 2 styremedlemer krev det.
 
Så langt råd er må dei sakene som skal fram på styremøtet, nemnast i innkallinga til møtet.
  
Styret er vedtaksført når minst 6 av dei røysteføre medlemene er frammøtt og leiaren eller nestleiaren er til stades. Står røystene likt, er leiaren si røyst avgjerande.
 
Styret skal føre møtebok med opplysningar om tid og stad for møtet, om møtet er lovleg innkalla, kven som er til stades, dei sakene som blir handsama, tilrådinga frå administrerande direktør i kvar einskild sak og vedtaket og røystetalet i saka. Dissensar skal innførast i møteboka. Styremedlem og administrerande direktør som ikkje er samde i eit vedtak, kan krevje sitt syn innført i møteboka. Møteboka skal underskrivast av alle røysteføre medlemer som er til stades. Etter kvart møte blir utskrift av møteboka sendt alle styremedlemene.
 
§ 8. VALNEMND
Selskapet skal ha ei valnemnd med tre medlemer, og av desse skal ein vere leiar.
Valnemnda skal veljast kvart år av den ordinære generalforsamlinga i selskapet, etter forslag frå styret.
 
Valnemnda skal kome med tilråding til generalforsamlinga om val av styre og godtgjering av styremedlemer. Styret sender valnemnda si tilråding til aksjonærane saman med innkalling til ordinær generalforsamling.
 
§ 9. SIGNATUR
Styreleiaren saman med administrerande direktør eller ein annan styremedlem bind selskapet med underskriftene sine.
 
§ 10. ENDRING AV VEDTEKTENE
For endring av vedtektene gjeld desse reglane:
a) Framlegg om vedtektsendringar må styret sende aksjonærane 2 månader før saka blir handsama i generalforsamlinga. Kjem framlegget frå andre enn styret, må det sendast til styret i så god tid at styret kan få sendt med si tilråding i saka.
 
b) Vedtektsendring må vedtakast med eit fleirtal på 2/3 av den aksjekapitalen og røystene som er representert i generalforsamlinga.
 
§ 11. FORHOLD TIL AKSJELOVA
Dersom vedtektene ikkje seier anna, skal reglane i den til ei kvar tid gjeldande aksjelov nyttast.