Historie

Det starta med ønske om å byggje ut Tussafossen på Bjørke. Heilt frå 1917 var det planar om kraftverk her, og etter mange års kamp om fossen vart Tussa skipa i 1949.

Av ulike årsaker stod ikkje Tussa kraftverk ferdig før i 1961. Produksjonen var førehandstinga av kommunane på søre Sunnmøre, og første driftsår vart det produsert om lag 200 GWh. Energiforsyningsnettet som førte krafta ut frå Bjørke var på 118 km.
 
Auka velstand og auka forbruk gjorde at Tussa såg moglegheitene for nye prosjekt. Eigarane ønskte å vere med på utviklinga, og nye prosjekt vart sette i gang. I dag eig og driv Tussa ei rekkje vasskraftverk, og produserer nok til å forsyne over 30 000 husstandar med straum i eit heilt år.
 
For å føre krafta ut til kundane bygde vi eit framtidsretta linjenett, som vi vedlikeheldt og bygde ut heilt fram til 2014. No er det Mørenett som har ansvaret for denne samfunnsviktige infrastrukturen, slik at han leverer den etterspurde krafta til kundane på Sunnmøre, til alle tider, under alle slags tilhøve.
 
Tussa arbeider for at dei som ønskjer å bu i regionen vår skal ha gode levekår. Dette krev meir enn tilgang til lys og varme. Ny teknologi har gitt oss nye moglegheiter, og i dag er Tussa mykje meir enn ein tradisjonell kraftleverandør. Vi dekkjer behovet for samhandling og sikker IT-drift ved hjelp av moderne informasjons- og kommunikasjonsteknolog. Tussafiber, breiband og internett-tenester gir alle i regionen moglegheit til å kommunisere med kven dei vil, når dei vil.
 
Vi dekkjer også behovet for installasjonstenester innomhus, og Tussa har eit av dei største elektroentreprenørmiljøa på Nord-Vestlandet.
 
Tussa - med kraft til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar.