Ulsteindalen kraftstasjon

Ulsteindalen kraftstasjon frå 1917 er pussa opp og vert no nytta som kurs-, konferanse- og selskapslokale.

 
Ulsteindalen kraftverk er Tussa sitt eldste kraftverk, og ligg i Ulsteindalen i Ulstein kommune. Kraftverket vart bygd i 1917.
 
I 2000 vart det sett i gang eit moderniseringsprosjekt, og ein ny kraftstasjon vart bygt ved sidan av den gamle. Den flotte, gamle kraftstasjonsbygningen er no pussa opp og vert nytta som kurs- og selskapslokale med plass til 40 personar.
 
Kontakt Quality Ulstein Hotell for bestilling.