Kolfossen kraftverk

Kolfossen kraftverk er av dei eldste kraftverka i Tussa, sett i drift i 1920. Kraftverket har ein normalproduksjon på 14 GWh i året.

Kolfossen kraftverk er eit magasinkraftverk som ligg i Austefjorden i Volda kommune. Kolfossen kraftverk utnyttar fallet mellom Kalvatnet og Langvatnet. Kraftverket kom inn i Tussa med oppkjøpet av Volda Energiverk i 1996
 
Utbygginga av kraftverket baud på utfordringar for utbyggjaren Volda komune. I april 1920 vart maskinane endeleg sett i gang på "Vårt smertens barn, Kolfossen" som ein skribent i Møre kalla prosjektet. Utbygginga vart både forseinka og mykje dyrare enn planlagt.
 
Sett i drift: 1920, modernisert i 2003
Fallhøgd: 46 m
Nedslagsfelt: 61,8 km2
Normalproduksjon: 14 GWh i året
Installert effekt: 2,8 MW
 
Kart over nedslagsfelt