Dalegjerdet kraftverk

Dalegjerdet kraftverk vart sett i drift i 2012. Kraftverket har ein normalproduksjon på 6 GWh i året.

Dalegjerdet kraftverk er eit elvekraftverk som ligg på Standaleidet i Ørsta kommune. Kraftverket ligg i same vassdrag som Standal kraftverk, og inntaket til Standal kraftverk er rett nedanfor Dalegjerdet kraftstasjon. Ved at vatnet renn frå eit kraftverk til eit anna blir vassressursane utnytta maksimalt.
 
Sett i drift: 2012
Fallhøgd: 191 m
Nedslagsfelt: 4,6 km2
Normalproduksjon: 6 GWh i året
Installert effekt: 2,3 MW
 
Kart over nedslagsfelt