Bjørdal kraftverk

Bjørdal kraftverk er eit av dei eldste kraftverka i Tussa, bygd i 1931. Kraftverket har ein normalproduksjon på 33 GWh i året.

Bjørdal kraftverk ligg i Ørsta kommune, og det var Ørsta Energiverk som bygde ut kraftverket på 1930-talet. Kraftverket blei ein del av Tussa i 1997, då Tussa kjøpte Ørsta Energiverk.

Bjørdal er eit magasinkraftverk. Utbygginga av kraftverket tok til i 1930 og omfatta utnyttinga av Kvandalsfallet. Nordalsprosjektet i 1997 auka produksjonen i kraftverket, ved at ein 1 350 meter lang tunnel fører vatn inn til Kvandalsvatnet.
 
Sett i drift: 1931, modernisert i 1977
Fallhøgd: 293 m
Nedslagsfelt: 23 km2
Normalproduksjon: 33 GWh i året
Installert effekt: 4,3 MW