Alternativ energi

Alternativ energi

Tussa deltek i nybrotsarbeidet med alternative energikjelder, og har samarbeidd med ulike aktørar om å utnytte kreftene i hav og vind til energiproduksjon. Vi har også bygd biobrenselanlegg i Ørsta.

Ørsta Eldhus

I 2011 blei det første større biobrenselanlegget på søre Sunnmøre sett i drift. Ørsta Eldhus ligg på Mosflata i Ørsta og leverer varme til ei rekkje verksemder i Ørsta sentrum. Varmen kjem frå forbrenning av flis, lokalt produsert av Fjordane Bioenergi AS. Ørsta Eldhus produserer 10 GWh i året.
 

Maren testanlegg for bølgjekraft

Maren testanelgg for bølgjekraft utanfor Runde var eit forskingsprosjekt der heile produksjonskjeda frå bølgje til innmating på straumnettet blei testa ut. Prosjektet var eit samarbeid mellom Vattenfall, Seabased og Tussa. Tussa sytte for nettilgang til bølgjekraftverket, som var det første av sitt slag i Noreg. Maren-anlegget blei sjøsett i august 2009. I september 2010 blei anlegget teke opp på land igjen for vidare kontroll og testing i Sverige.