Første plusskunde på solstraum
Når Hareid Group sitt solcellepanel produserer meir straum enn dei nyttar sjølv, kjøper Tussa overskotskrafta. Den nye plusskundeavtalen mellom selskapa inneheld både ei leveringsavtale på straum frå Tussa, og ei avtale om at Tussa kjøper overskotskrafta som Hareid Group produserer på solcelleanlegget sitt.
Tussa og Sykkylven Energi inngår fiberavtale
Tussa og Sykkylven Energi samarbeider om å levere eit fiberbasert aksessnett til Telia sine mobilmaster i Sykkylven. Avtalen er del av Telia sitt arbeid med å forsterke den norske mobilnettinfrastrukturen.
Stor jubileumsfest i Ørstahallen
Laurdag 26. oktober markerte vi at Tussa feirar 70 år i år. Alle som ønskte å vere med på feiringa kunne bestille gratis billett til arrangementet.
Godt tertial for Tussa
Høgare produksjonsvolum, høgare oppnådd kraftpris og lågare andre driftskostnader er hovudårsaka til det gode resultatet i Tussa 2. tertial 2019. Rekneskapen pr. 2. tertial syner eit driftsresultat på 129,4 mill. kr, som er ei auke på 92,8 mill. kr samanlikna med tilsvarande periode i 2018.
Inviterer til folkefest i Ørstahallen
Eit spennande industrieventyr gjennom 70 år. Tussa jubilerer og 26. oktober inviterer vi til stor folkefest i Ørstahallen. Velkommen!
Ørsta byggjer fiber på dugnad
Tussa samarbeider tett med innbyggjarane no når Follestaddalen, Hovdenakk, Vatne, øvre del av Bondalen, Vartdal og Barstadvika skal få fiber. I mindre tettbygde strøk er dugnadsfiber ei god løysing. Ved at Tussa og grenda inngår eit spleiselag får dei fiberen raskt fram.
Tussa med høgaktuell energikonferanse
Vindkraft, vasskraft og kjernekraft var noko av innhaldet på Tussa si energikonferanse torsdag. Årets konferanse var nummer sju i rekkja, og sette søkjelyset på dagsaktuelle tema som IT-sikkerheit, fornybar energi, kraftprisar og miljø.
Ver med på årets Krafttak
Tussa deler ut 100 000 kroner til lag og organisasjonar som ønskjer å gjere noko bra for andre! Gjennom Krafttaket oppmodar vi skuleklasser, kor, idrettslag og andre lag og organisasjonar om å gjere ei god gjerning. Tussa vel ut dei 10 beste bidraga, og dei går vidare i konkurransen Krafttaket.