Konsesjon på to nye kraftverk
NVE har gjeve løyve til kraftverka Årsetelva, Skarbøen og Indre Trandal alternativ 2, medan søknadene om Skår og Klubbeneselva kraftverk er avslått. Alle prosjekta ligg i Ørsta kommune.
Krafttaket 2014 - konkurransen er i gang
Tussa har valt ut 10 lag, foreiningar, korps og skuleklasser som er med på å kjempe om til saman 100 000 kroner i Krafttaket 2014.
Gunnar Gjørtz attvalt som styreleiar i Tussa
Gunnar Gjørtz er valt til styreleiar i Tussa for eit nytt år. Nestleiar er Hilde Marie Brungot. Val av styreleiar og nestleiar skjedde i styremøte 6. juni.
Problema i breibandsnettet er løyste
Problemet med internett ser no ut til å vere løyste. Dei siste kundane i Herøy fekk tilbake nettet kl.17.00 i dag 3.juni. Utover ettermiddagen og kvelden vil vi overvake situasjonen og kvalitetssikre og verifisere at alt fungerer som det skal, seier adm.dir. Ivar Driveklepp i Tussa IKT.
Fiberutbygging i sju kommunar
Tysdag starta salet av Tussafiber i Fiskå i Vanylven kommune. Det betyr at Tussa no sel fiber i alle kommunane på søre Sunnmøre.
Generalforsamling i Tussa
Torsdag 24. april vart det heldt ordinær generalforsamling i Tussa. Årsmelding og rekneskap vart godkjent utan merknader. Det same vart det føreslegne utbytet på totalt 21,2 mill. kr. Det vart valt tre nye styremedlemmer med personleg vara.
Høgt aktivitetsnivå for Tussa Installasjon
2014 blir eit aktivt år for dei tilsette i Tussa Installasjon. Ordretilgangen er særs god for installasjonsselskapet som har fått tilslag på store prosjekt som til dømes Hødd stadion, hotell og badeland i Fosnavåg og nytt rådhus i Volda. Det betyr varierte og interessante arbeidsdagar for medarbeidarane i selskapet.
Straumbrot på Sunnmøre
Søndag kveld klokka 22.20 vart heile Sunnmøre utan straum. Årsaka var feil på 420-kV sentralnettslinja i Viklandet, Nordmøre. Klokka 23.15 hadde alle på søre Sunnmøre fått tilbake straumen.