Lunsjkonsert med Sunnmøre Kammermusikkfestival
Det var ikkje kvardagskost Tussamedarbeidarane i Ørsta fekk servert i lunsjen måndag. Tussa har vore fast sponsor av Sunnmøre Kammermusikkfestival i ei årrekkje, og som ein lekk i det vart maten akkompagnert av klassiske tonar frå fiolinist Annar Follesø og pianist Kristian Lindberg.
Mange øydelagte modem
Mange av kundane våre har fått øydelagt modem og utstyr etter toreveret onsdag 29. oktober. Dei som har fått øydelagt modem kan ta kontakt med Tussa kundesenter for å få nytt utstyr.
Krafttaket 2014 skapte 1726 gode gjerningar
10 ulike lag/foreininger/skuleklasser i Tussaland har sidan 08. september konkurrert om ein premiepott på 100 000 kroner. For å delta i konkurransen måtte dei utføre ei god gjerning. Engasjementet rundt konkurransen har vore stor, og heile 1726 gode gjerningar er gitt til samfunnet rundt oss. Tysdag var alle laga samla i Tussa sine lokale i Ørsta for å bli gjort ære på og motta premien sin.
Karrieredagar på søre Sunnmøre
Samla gruppevis under nummererte faner går 10. klassingane frå stand til stand i Voldahallen. Det er trengsel rundt bord og benkar der opplæringskontor og utdanningsinstitusjonar kjempar om å få merksemda til elevane. Det er karrieredagar og energimontørlærlingane Vegard Tvergrov, Erling Bergmann og Håvard Vikestrand stiller på stand for Mørenett.
Konsesjon for Osdalen kraftverk i Volda
NVE har gitt Tussa konsesjon til bygging av Osdalen kraftverk i Volda kommune. Konsesjonen er gitt som omsøkt.
Tussa sitt 20. kraftverk er i drift
Onsdag 24. september vart Bruelva kraftverk sett i drift. Småkraftverket i Vanylven er Tussa sitt 20. og vil ha ein årsproduksjon på 3 GWh. Det svarar til straumbruken til 150 husstandar.
Konsesjon på to nye kraftverk
NVE har gjeve løyve til kraftverka Årsetelva, Skarbøen og Indre Trandal alternativ 2, medan søknadene om Skår og Klubbeneselva kraftverk er avslått. Alle prosjekta ligg i Ørsta kommune.
Krafttaket 2014 - konkurransen er i gang
Tussa har valt ut 10 lag, foreiningar, korps og skuleklasser som er med på å kjempe om til saman 100 000 kroner i Krafttaket 2014.