Gunnar Gjørtz attvald som styreleiar
12. juni vart Gunnar Gjørtz attvald som styreleiar i Tussa Kraft. Nestleiar er Hilde Marie Brungot.
Auke i driftsresultatet
Rekneskapen for 1. tertial 2015 syner eit driftsresultat på 66,3 mill. kr for Tussa. Det er ein auke på 26,3 mill. kr samanlikna med tilsvarande periode i 2014. Nettselskapet og kraftproduksjon er dei største bidragsytarane til resultatet og resultatforbetringa. Dei andre selskapa syner også ei positiv utvikling i resultat samanlikna med 1. tertial 2014.
Krafttaket 2015
Med mottoet "med kraft til å skape gode gjerningar" arrangerer Tussa krafttaket-konkurransen for 3. gong i år. Alle lag og foreiningar på Søre Sunnmøre kan sende inn søknad om å få bli med i konkurransen. Søknadsfristen er sett til 31.august. Premiepotten er på 100 000 kroner.
Satsar vidare på fiber
Tussa si utbygging av fiber på søre Sunnmøre har vore særs vellukka. Sidan første spadetak i 2009 har Tussa fått rundt 5000 fiberkundar, og etterspurnaden etter fiber er framleis stor blant privatpersonar og bedrifter på søre Sunnmøre. Tussa har difor bestemt seg for å satse vidare.
Smart Strøm Nordvest signerer avtale med Kamstrup
Smart Strøm Nordvest, som jobbar med utrullinga av nye, automatiske straummålarar til alle nettkundar, har valt Kamstrup som leverandør av nye straummålarar, inkl. kommunikasjonssystem mellom målarar og det sentrale innsamlingssystemet for måleverdiar.
Årsrapporten for 2014 ute no
Tussa driv 21 kraftverk og tilbyr eit breitt produktspekter innan energi, IT, kommunikasjon og installasjon. Årsrapporten gir eit innblikk i verksemda vår og det vi har gjort i 2014.
Bidreg til auka utbygging av fornybar energi
Norske straumkundar bidrog gjennom elsertifikatordninga med 420 kr til fornybarsatsinga i 2014. Det vart bygd 4 TWh fornybar kraftproduksjon i Noreg og Sverige i fjor.
Fora Form kjøper 100 % fornybar energi frå Tussa
Fora Form har teikna avtale med Tussa om levering av 100 % fornybar energi dei neste tre åra. Bedrifta tek med dette nok eit steg i å redusere miljøfotavtrykket, og avtalen er eit supplement til ei lang rekkje tiltak som er gjennomført dei siste åra.