IT-sikkerheit er svært viktig ved val av IT-leverandør
Høg kompetanse på IT-sikkerheit er svært viktig når bedrifter skal velje leverandør av IT-tenester. Dette går fram i ei omdømmeundersøking som Tussa gjennomførte før jul.
Tussa og VTI Fotball fornyar sponsoravtale
Tussa og VTI Fotball har forlenga samarbeidet og signert sponsoravtale for tre nye år. Tussa har i ei årrekkje støtta fotballklubben, som har 450 aktive spelarar i alle aldersgrupper.
Tussa med svært godt omdømme
Breibands- og IT-kundane gir Tussa toppskår i ei omdømmeundersøking som vart gjennomført før jul.
Søk støtte til nettvett-føredrag med Barnevakten
Korleis lære barn å ta smarte val på nett, mobil og i spel? Tussa oppmodar skulane til å bruke Barnevakten sine føredrag, og vil støtte inntil fem føredrag på søre Sunnmøre. Søk innan 20. februar 2021.
Osdalen kraftverk er sett i drift
Meir miljøvennleg kraft frå Sunnmøre. Tussa har sett i drift sitt 23. vasskraftverk. Osdalen kraftverk vil ha ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 16 GWh, som er straum til om lag 800 husstandar i eitt år.
Inn i det nye året med meir normale spotprisar for vinteren
Det blei ein pangstart på det nye året, med ei kraftig auke i spotprisane i Noreg. Spotprisen har meir enn dobla seg i forhold til prisane vi såg i desember. Framtidsutsiktene tilseier likevel at vi truleg vil sjå ein nedgang i prisane dei neste vekene.
Vi har fått med Sognekraft på laget!
Kraftkonserna Tussa, SFE og Tafjord starta hausten 2020 eit samarbeid om framtidig straumsal i eit nytt felleseigd selskap. No tiltrer Sognekraft partnarskapen, og blir ny deleigar i lag med dei tre andre. Med over 100 000 straumkundar og ambisjonar om vekst, tek vi opp konkurransen med dei store aktørane i marknaden.
Øystein Vikingsen Fauske tilsett som adm. direktør i nytt energiselskap
Dei tre energikonserna TAFJORD, SFE og Tussa har tilsett Øystein Vikingsen Fauske som administrerande direktør i det nye selskapet som skal drive straumsal til privat- og bedriftsmarknaden. Fauske kjem frå stillinga som konserndirektør for digitalisering, HR og produktutvikling i Ekornes.