Tussa doblar farta
I februar skrur Tussa opp farta på fiberen, og kundane får dobbel hastigheit utan at prisane aukar.
Byggjer ut fiber på Larsnes
I februar vil Tussa starte sal av fiber til nye delar av Larsnes. Mange har venta på å få raskare internett og nytt digital-TV-tilbod.
Meir Tussafiber til Ulsteinvik
Fiber er godt motteke i Ulsteinvik, og Tussa startar difor opp sal i to nye felt i januar. No er det kabel-tv-nettet Gamlevegen – Petterbakken og Saunesvegen som står for tur og skal bli erstatta med fiber.
Det store elsperimentet
Utan straum hadde vi korkje hatt mobiltelefon, varmeomnar, opplyste gater eller moderne sjukehus. Kor lenge klarer eigentleg DU deg utan straum? Det vil fornybarnæringa finne ut på Straumens dag.
Hindrar tilgangen til ulovlege nettstader
Tussa har saman med seks andre internettleverandørar i Noreg blitt pålagt av Oslo tingrett å hindre tilgangen til fleire ulovlege nettstader for fildeling. Bakgrunnen for dette er eit søksmål frå åtte store, amerikanske produksjonsselskap som sit på opphavsretten til ei rekkje filmar og TV-seriar.
Mykje vatn i elvar og magasin
Mykje regn siste dagane, kombinert med snøsmelting i høgda, har gitt mykje vatn i elvar og magasin. I Tussa går produksjonen av fornybar energi for fullt.
Vi vil sjå deg - bruk refleks!
Vinteren er komen og det er no mørkt både om morgonen og tidleg om kvelden. Derfor oppmodar vi alle om å bruke refleks når dei er ute og ferdast på vegane. Denne gjengen med blide førsteklassingar frå Bigset skule fekk utdelt refleksvestar av Tussa og Politiet for eit par veker sidan. Gjer som dei, og lys opp i mørkret, du også!
Inviterer til småkraftseminar
Tussa og Fjord Energi inviterer til småkraftseminar i Loen 14. november. Tema for dagen er kraftprisutsiktene, områdeprisar og el-sertifikat.