Spørjeundersøking
26. juni sendte vi ut ei spørjeundersøking på e-post til eit utval av kundane våre. Undersøkinga gjeld produktutvikling og kva produkt kundane våre ønskjer vi skal levere i framtida. Vi set stor pris på at du svarar på undersøkinga dersom du har fått ho.
Laurdagsope på kundesenteret i sommar
Kundesenteret vårt for internett og TV har ope kvar laurdag i sommar frå klokka 12 til 15. På kvardagar er det ope frå klokka 8 til 17. Opningstidene for kundesenter straum er kl. 9 til 15.30.
Tussa overtek Statkraft sin eigardel i Istad
Tussa Kraft AS overtek Statkraft sin 49 % eigardel i energiselskapet Istad AS i Møre og Romsdal. Dei resterande eigardelane i Istad er eigd av Molde kommune (34 %) og Moldekraft AS (17 %).
Resultat for Tussa 1. tertial
Rekneskapen for 1. tertial 2018 syner eit driftsresultat på 29,8 mill. kr (70,6) og eit resultat før skatt på 29 mill. kr (55,8). Omsetninga vart 309,2 mill. kr (298), totalkapitalen er 2 545,3 mill. kr (2 415,5) og eigenkapitalprosenten er 34,1 % (35,6). Netto finans syner eit resultat på -0,8 mill. kr (-14,8). Tilsvarande tal for 1. tertial 2017 står i parentes.
Nye personvernreglar - gi oss ditt samtykke
Nye personvernreglar gjer at kundar må samtykke i å motta e-post, sms, telefon og post frå oss. Vi har sendt ut informasjon til alle kundane våre om dette.
Utbygginga av Tenneelva er godt i gang
I Vanylven byrjar Tussa sitt nyaste kraftverk å ta form. Tenneelva kraftverk skal etter planen stå ferdig i november. No vert det jobba for fullt med kraftstasjon, rørgate og veg opp til Tennevatnet.
Elevar besøkte Ørsta eldhus
23. mai var 7. klasse på Velle skule på besøk på Ørsta eldhus. Velle skule er eit av bygga eldhuset leverer varme til, og skulen tek kvart år med ulike klasser for å lære meir om Tussa og eldhuset.
Laurdagsope på kundesenteret
Frå 19. mai kan du få hjelp med internett og TV også på laurdagar. Vi utvidar opningstida på kundesenteret, og held ope frå klokka 12 til 15. På kvardagar held vi fram med same opningstid som før, frå klokka 8 til 19.