Aktuelt og media
15.04.2015

Fora Form kjøper 100 % fornybar energi frå Tussa

Fora Form har teikna avtale med Tussa om levering av 100 % fornybar energi dei neste tre åra. Bedrifta tek med dette nok eit steg i å redusere miljøfotavtrykket, og avtalen er eit supplement til ei lang rekkje tiltak som er gjennomført dei siste åra.  Fora Form kjøper 100 % fornybar energi frå Tussa

 
16.03.2015

Lunsjkonsert med Sunnmøre Kammermusikkfestival

Det var ikkje kvardagskost Tussamedarbeidarane i Ørsta fekk servert i lunsjen måndag. Tussa har vore fast sponsor av Sunnmøre Kammermusikkfestival i ei årrekkje, og som ein lekk i det vart maten akkompagnert av klassiske tonar frå fiolinist Annar Follesø og pianist Kristian Lindberg.  Lunsjkonsert med Sunnmøre Kammermusikkfestival

 
14.11.2014

Magasin om Smart Strøm

Smart Strøm, innføringa av nye, automatiske straummålarar, betyr føremonar både for kundar, kraftsystemet og samfunnet som heilheit. Energi Norge har gitt ut eit magasin som handlar om Smart Strøm og årsakene til at alle straumkundar i landet skal få nye straummålarar innan 1. januar 2019. Magasinet kan du lese her.  Magasin om Smart Strøm

 
29.10.2014

Mange øydelagte modem

Mange av kundane våre har fått øydelagt modem og utstyr etter toreveret onsdag 29. oktober. Dei som har fått øydelagt modem kan ta kontakt med Tussa kundesenter for å få nytt utstyr.  Mange øydelagte modem

 
16.10.2014

Krafttaket 2014 skapte 1726 gode gjerningar

10 ulike lag/foreininger/skuleklasser i Tussaland har sidan 08. september konkurrert om ein premiepott på 100 000 kroner. For å delta i konkurransen måtte dei utføre ei god gjerning. Engasjementet rundt konkurransen har vore stor, og heile 1726 gode gjerningar er gitt til samfunnet rundt oss. Tysdag var alle laga samla i Tussa sine lokale i Ørsta for å bli gjort ære på og motta premien sin.  Krafttaket 2014 skapte 1726 gode gjerningar

 
13.10.2014

Rekneskap 2. tertial 2014

Rekneskapen 2. tertial 2014 syner eit driftsresultat på 59,1 mill. kroner (99,6) og eit resultat før skatt på 28,1 mill. kroner (72,1). Omsetninga vart 531,0 mill. kroner (528,5). Tilsvarande tal for 2. tertial 2013 står i parentes.  Rekneskap 2. tertial 2014

 
02.10.2014

Karrieredagar på søre Sunnmøre

Samla gruppevis under nummererte faner går 10. klassingane frå stand til stand i Voldahallen. Det er trengsel rundt bord og benkar der opplæringskontor og utdanningsinstitusjonar kjempar om å få merksemda til elevane. Det er karrieredagar og energimontørlærlingane Vegard Tvergrov, Erling Bergmann og Håvard Vikestrand stiller på stand for Mørenett.  Karrieredagar på søre Sunnmøre

 
30.09.2014

IT-konferansen 2014 - Ein sikker suksess

Over 100 deltakarar fann vegen til Tussa si IT-konferanse på Colorline Stadion 26. september. Tema for dagen var sikkerheit, og eit dusin føredragshaldarar heldt engasjerande føredrag spekka med faglege oppdateringar og konkrete råd til korleis ivareta tryggleiken i eiga bedrift.  IT-konferansen 2014 - Ein sikker suksess