VM i fornybar energi
Fornybarnæringa i Noreg meiner klimaomstillinga går for sakte, og lanserer difor VM i fornybar energi. I front av meisterskapen står verda sin beste fotballspelar, Ada Hegerberg, som ønskjer å bidra i kampen for ei meir berekraftig framtid.

– Vi har som mål at Noreg skal bli det første samfunnet i verda som berre går på fornybar energi. Enno er vi berre halvvegs, og difor treng vi hjelp frå befolkninga. Vi vil byggje eit landslag med alle heltane som jobbar for ei fornybar framtid, seier Knut Kroepelien, administrerande direktør i Energi Norge.
Han oppmodar både folk flest, næringsliv og politikarar til å bidra i meisterskapen, og til å heie fram nye løysingar for elektrifisering av samfunnet, samt anna bruk av fornybar energi.
Internasjonal konkurranse
– Noreg løyser ikkje klimaproblemet aleine. Vi treng internasjonalt samarbeid og konkurranse. Difor utfordrar vi resten av verda til å bli med i meisterskapen og vise fram sine beste spelarar og løysingar, seier Kroepelien.
I følgje ei fersk utgåve av Energi Norge-rapporten Fornybarometeret, kjem 51 prosent av energibruken i Noreg frå fornybare kjelder. No vert det jobba med å samle inn tilsvarande tal for andre land, slik at meisterskapen får ein slags «FIFA-ranking» for fornybar energi.
– Vi vil utfordre heile befolkninga til å vere med på landslaget. Det kan dei gjere ved å teste seg sjølv på nettsida vår, der dei også finn tips for ein meir klimavenleg kvardag. Der vil vi også samle historier om korleis folk og bedrifter bidreg i meisterskapen, seier Kroepelien.
Sterkt engasjert frontfigur
Fotballproff Ada Hegerberg, som vart kåra til verda sin beste fotballspelar i 2018, er frontfigur i kampanjen. Ho kjem frå Sunndalsøra i Møre og Romsdal, der fornybar energi – og særleg vasskrafta – har vore viktig for industri og arbeidsplassar i over eit halvt hundre år.
