Aktuelt og media
(14.02.2013)
 

Vil samarbeide om å spare straum

Tysdag 12. februar hadde Tussa besøk av representantar frå lokale bedrifter. Bedriftene fekk informasjon om Energinettverk Tussa, som set fokus på energisparande tiltak for bedrifter som brukar over 500 000 kWh i året. Bedriftene viste stor interesse for prosjektet.

F.v.: Senior enøk- rådgjevar Paul Rune Ingebrigtsen, dagleg leiar på Enøk- senteret Glenn-Tore Solevåg, og kontaktpersonar i Tussa Einar Ekroll og Frank Vatne.
 
Dagleg leiar ved Enøk-senteret, Glenn-Tore Solevåg, og senior enøk-rådgjevar Paul Rune Ingebrigtsen, informerte deltakarane om Energinettverk Tussa, og erfaringane dei har gjort seg frå tilsvarande prosjekt.  I eit energinettverk set fleire bedrifter i verk enøk- tiltak på same tid. Dette har vist seg å gi større gevinst enn viss bedriftene set i verk tiltak kvar for seg.

I tillegg til større energigevinst, gir deltaking i nettverket også fordelar som oppfølging frå fagfolk hos Enøk-senteret, og deltaking i samlingar med erfaringsutveksling og konkrete spareråd-/tiltak. Bedriftene som deltek får også fylkesstøtte til enøk- analyse med inntil kr 20 000 pr. bygg.
 
Eit prosjekt i tre fasar
I Energinettverk Tussa får dei deltakande bedriftene hjelp til å planlegge, utføre, korrigere og kontrollere energisparetiltak. Prosjektet har tre fasar, der ein i den første får analysert energibruken i bedrifta, og får eit dokument med forslag til tiltak og estimerte kostnader. I den andre fasa blir det innført energileiing, der det viktigaste er å skape ei bevisst haldning til energibruken. Energieffektiviteten vert sett i system, og vert eit styringssystem. I tredje fase skjer gjennomføringa av tiltakspakkane som vart avdekt i første fase.
 
Gode resultat
I tillegg til informasjon om Energinettverk Tussa, fortalde Glenn-Tore Solevåg om erfaringane dei har frå liknande prosjekt.
- Energinettverk Svorka på Nordmøre er eit nettverk med 8 bedrifter. Her gjekk energibruken for bedriftene samla sett ned med over 5 GWh i løpet av den tre år lange prosjektperioden, noko som svarar til årsforbruket til 250 einebustadar. Dette er mykje når vi samstundes ser at tre av bedriftene hadde stor auke i produksjonen i same perioden.
 
Bedriftene positive
Dei 14 bedriftene som var representerte på informasjonsmøtet hos Tussa var positive til prosjektet, og alle teikna seg som interesserte i å få tilbod om enøk-analyse. Bedrifter på ytre søre Sunnmøre vil også verte inviterte til Energinettverk Tussa, og det skal arrangerast liknande informasjonsmøte på Tussa si avdeling i Dragsund.
 
 
Deltakarane på informasjonsmøtet var positive til energinettverk.