(11.03.2020)
 

Viktig informasjon til kundane våre

Det er eit felles ansvar å hindre spreiing av koronaviruset. Vi følgjer tilrådingane frå Folkehelseinstituttet og oppmodar kundane våre om å kontakte oss på telefon, e-post eller chat framfor personleg oppmøte.

Tussa har sett i verk ei rekkje tiltak i konsernet for å hindre smittespreiing og sikre at forretningsdrifta vår er operativ til ei kvar tid.

Resepsjonen på Tussatun er stengt for kundar. Vi tek berre i mot kundar som har avtale om å hente modem eller anna naudsynt utstyr. For dei er dørene opne mellom klokka 07.30 og 15.30. Vi tek ikkje imot retur av utstyr.

Retningslinjer ved kundebesøk
I dei høva der vi må utføre arbeid heime hos kunden vil vi ha spesielt fokus på å avgrense smitterisikoen. Dette gjeld både ved besøk hos privatkundar og bedriftskundar. Retningslinjene våre er utarbeidd i samarbeid med bedriftshelsetenesta, og vi følgjer råda frå styresmaktene.

Før vi gjennomfører eit kundebesøk vil vi saman med kunden fylle ut ei sjekkliste for å kartleggje smitterisikoen og bli samde om korleis arbeidet best kan utførast. 

Vi skil mellom husstandar slik:  
1. Husstand som ikkje er i karantene, isolat eller ikkje har mistanke om smittetilfelle:
Alle medarbeidarar i Tussa følgjer Tussa sine retningslinjer for å hindre koronasmitte. I tillegg vil vi ved kundebesøk ha særleg streng praksis rundt handvask og handhygiene, både før, under og etter besøket. Vi vil halde god avstand til kunden, minst to meter. Vi har vaskeserviettar og/eller handsprit i bilane våre. Utstyr vi deler ut blir tørka med eingongsserviettar.
 
2. Husstand som er i karantene, isolat eller har mistenkte smittetilfelle:
Berre om arbeidet er absolutt naudsynt og ikkje kan utsetjast tek vi oppdrag i husstandar i karantene, isolat eller som har mistenkte smittetilfelle. Ved slike kundebesøk blir arbeidet utført med særleg høge krav til hygiene, og av medarbeidar med opplæring i korrekt bruk av smittevernutstyr.
 

Kundesenter 70 04 63 00

Opningstider:
Straum: Måndag-fredag kl. 08.00-16.00
Breiband, TV & telefoni: Måndag-fredag kl. 08.00-19.00, laurdag kl. 12.00-15.00
kundesenter@tussa.no

 

Sentralbord 70 04 62 00

Opningstider: Måndag-fredag kl. 07.30-15.30
firmapost@tussa.no


Tussa Installasjon

Avdeling Ørsta: 70 04 93 00
Avdeling Ulsteinvik: 70 00 90 30
Avdeling Fosnavåg: 70 08 86 39
installasjon@tussa.no