Aktuelt og media
(23.05.2016)
 

Viktig å satse på lærlingar

Tussa Installasjon er i dag ei av dei største lærlingbedriftene i fylket på elektro, og har til saman 21 lærlingar under opplæring. Magnus Myrene Stokke er ein av dei, og han er glad han fekk lærlingplass i Tussa Installasjon. Med trongare tider for mange av verksemdene i området vårt, kan det vere tøft for unge å få seg lærlingplass.

Magnus Stokke er lærling i Tussa Installasjon.jpg
Magnus Myrene Stokke er lærling på andre året i Tussa Installasjon. Han hadde utplassering i bedrifta før han fekk lærlingplass. Godt arbeidsmiljø og flinke og kompetente kollegaer trekkjer han fram som pluss ved arbeidsplassen.
 
- Vi tek inn lærlingar både fordi det er eit samfunnsansvar og fordi det tilfører nye krefter til bedrifta vår. Læretida er ein viktig del av utdanningsløpet for ein elektrikar. Då må vi vere med og støtte opp. Med lærlingane følgjer også oppdatering i læreplanar og utvikling i faget, noko vi haustar god nytte av på mange måtar, seier Jo Stian Tverberg, adm. direktør i Tussa Installasjon.
 
20 prosent lærlingar
Med trongare tider for mange av verksemdene i området vårt, kan det vere tøft for unge å få seg lærlingplass. Ser ein på søkjartala til Tussa Installasjon, var det rekordmange som ønskte lærlingplass i år. Seks ungdommar har fått positivt svar og vil starte opp om kort tid. Då vil 21 av dei rundt 90 tilsette i selskapet vere lærlingar.
- Vi har høg aktivitet og mange nye prosjekt, og forventar høg aktivitet også i tida framover. Difor har vi moglegheit til å ta i mot mange lærlingar, seier Tverberg.
 
Trivsel, sikkerheit og medverknad
Magnus Myrene Stokke har gått automasjon på Ørsta vidaregåande skule, og starta som lærling i Tussa Installasjon for to år sidan. Då han starta vart han raskt integrert i arbeidsmiljøet på lik linje med dei andre tilsette. Undervegs i læretida vert han tett følgt opp av fagleg leiar, lærlingansvarleg og montørar/basar rundt på dei ulike prosjekta. Tussa Installasjon har lang erfaring med å ta i mot lærlingar, og rutinane for å følgje opp lærlingane er såleis godt etablerte. Trivsel, sikkerheit og medverknad på arbeidsplassen er viktig.
 
- Det er varierte dagar og oppgåver. I dag jobbar eg på ein privatbustad, men eg har også vore med på større prosjekt som til dømes det nye hotellet og badelandet i Fosnavåg og det nye bygget til Felleskjøpet i Furene, fortel Magnus Myrene Stokke.
 
Moglegheit for fast jobb
Ved endt lærlingtid og avlagt fagprøve står den nye elektrikaren fritt til å velje vegen vidare. Tussa Installasjon opplever ofte at fleire ønskjer arbeid vidare. Magnus har ikkje heilt bestemt seg om han skal gå vidare på fagskule etter avlagt fagprøve, eller om han skal jobbe. Vert det jobbing, står Tussa Installasjon høgt på lista over ønskt arbeidsplass. I følgje Tverberg er det moglegheit for fast tilsetjing for dei som er lærlingar i bedrifta.
 
- Å bruke lærlingordninga som rekrutteringsmetode for å finne dyktige fagarbeidarar har fungert godt for oss. Mange av dei som utmerkjer seg positivt i læretida har fått tilbod om fast jobb. I dag har vi montørar, basar og prosjektleiarar som starta som lærlingar. Nokre er også etterutdanna i bedrifta med spesialkompetanse etter behov og interesse, seier han.