Aktuelt og media
(07.11.2016)
 

Vi vil sjå deg - bruk refleks!

Vinteren er komen og det er no mørkt både om morgonen og tidleg om kvelden. Derfor oppmodar vi alle om å bruke refleks når dei er ute og ferdast på vegane. Denne gjengen med blide førsteklassingar frå Bigset skule fekk utdelt refleksvestar av Tussa og Politiet for eit par veker sidan. Gjer som dei, og lys opp i mørkret, du også!

 
Dersom du manglar refleks kan du kome innom oss på Tussatun i Hovdebygda eller på kontoret vårt i Dragsund og få ein refleksvest eller eit refleksband av oss!