(08.01.2021)
 

Vi har fått med Sognekraft på laget!

Kraftkonserna Tussa, SFE og Tafjord starta hausten 2020 eit samarbeid om framtidig straumsal i eit nytt felleseigd selskap. No tiltrer Sognekraft partnarskapen, og blir ny deleigar i lag med dei tre andre. Med over 100 000 straumkundar og ambisjonar om vekst, tek vi opp konkurransen med dei store aktørane i marknaden.

Gruppebilete.jpg
Biletet er frå ei samling Tussa, Tafjord og SFE hadde i 2020.
 
Ei felles satsing innan straumsal legg til rette for god kundeservice og konkurransedyktige prisar. Samstundes ser vi fordelane med å få eit sterkare fag- og kompetansemiljø slik at vi kan utvikle framtidsretta produkt og tenester. Målet er å auke meirverdien for kundane våre. Du som allereie er straumkunde hos Tussa vil ikkje merke noko stor skilnad i starten. Du vil framleis få straumfakturaen frå Tussa. 
 
I ei pressemelding seier adm. direktør Terje Bakke Nævdal i Sognekraft følgjande: – Vi er no fire aktørar med sterke, lokale merkevarer som skal samarbeide tett. Dette blir eit knallsterkt lag som vil gi oss auka kraft til å utvikle Sognekraft vidare, og såleis sikre eksisterande arbeidsplassar og vonleg skape nye.
 
Han understrekar at samarbeidet berre omhandlar den delen av verksemda som har med straumsal å gjere.
 
– Vi endrar strategien vår frå å stå åleine om straumsal til å gå inn i eit større fellesskap til det beste for kundane våre, fordi vi såleis vil styrka konkurransekrafta vår. Straumbransjen står framfor store endringar som følgje av digitalisering, og her vil vi vere i front. Dette gjer vi best saman med SFE, Tussa og Tafjord. Gjennom dette selskapet får vi eit langt sterkare fag- og kompetansemiljø for utvikling av framtidsretta produkt og tenester, seier Terje Bakke Nævdal.
 
I same pressemelding utrykkjer styreleiar i det nye straumselskapet, Erik Espeset, stor glede over at Sognekraft også har blitt ein del av satsinga:
 
- Vi er glade for at Sognekraft ville vere med i det nye selskapet. At Sognekraft no vert med i partnarskapen stadfestar at vi andre har gjort rette val på vegen, og at partnarskapen er ei konkurransedyktig plattform for vidare strategisk utvikling.