(05.09.2019)
 
banner nyhet.jpg

 

SØKNADSFRIST 15. SEPTEMBER
 

VER MED PÅ ÅRETS KRAFTTAK

Tussa deler ut 100 000 kroner til lag og organisasjonar som ønskjer å gjere noko bra for andre! Gjennom Krafttaket oppmodar vi skuleklasser, kor, idrettslag og andre lag og organisasjonar om å gjere ei god gjerning. Tussa vel ut dei 10 beste bidraga som går vidare til avstemminga i Krafttaket.

Eit stort utval frivillige lag og organisasjonar gjer bygdene våre til attraktive stader å bu, arbeide og besøkje. Tussa vil at lag, organisasjonar, korps og skuleklasser skal nyte godt av å bu i Tussaland, no og i framtida.

I 70 år har vi vore ein bidragsytar til lokal verdiskaping. Det har vi tenkt å fortsetje med. 

Gjennom Krafttaket ønskjer vi å setje pris på idrettslag, kor, skuleklasser, skulekorps og andre frivillige organisasjonar som gjer noko bra for andre. Dugnadsanda er stor i bygdene rundt oss, og gjennom heile året vert det halde store og små arrangement til glede for mange. Send inn søknad om å delta med dykkar gode gjerning. Fortel oss litt om kva de gir tilbake til dykkar nærområde av store og små gleder gjennom året. Søknaden må vere basert på eit eller fleire arrangement som skal gjennomførast i innan 15. oktober 2019. Gjennomførte arrangement må dokumenterast med bilete og tekst.

Dette ser vi etter når vi vel ut deltakarane til Krafttaket 2019:
• At den gode gjerninga er til glede for andre
• At det er gratis å delta
• At den gode gjerninga ikkje er avhengig av pengestøtte frå oss for å bli gjennomført

Av søknadane som kjem inn vel Tussa ut 10 deltakarar som går vidare til avstemming. 100 000 kroner vert fordelt mellom desse 10 deltakarane, og størrelsen på beløpet kjem an på kor stort engasjement (tal stemmer) kvar einskild deltakar klarer å skape. Det er publikum som stemmer fram resultatet i perioden 1. til 15. oktober. I tillegg til premiepotten på 100 000 trekkjer vi 10 000 kroner i ekstrapremie blant dei 10 deltakarane.
 
Les meir om Krafttaket 2019 på www.krafttaket.no - vi håpar at nettopp DE har lyst til å gjere ei god gjerning!

HAREIDLANDET TRIATLON
Skapte  stort engasjement og fekk flest stemmer i 2018.Dei fekk 5 407 stemmer som gav ein premie på 21 260 kroner.
 

DEN GODE GJERNINGA
Eit helsebringande familiearrangement for barn og vaksne i alderen 5-99 år


Her er det berre fantasien som set grenser. Gjer noko bra, ver med på årets Krafttak!