Aktuelt og media
(21.09.2016)
 

Vellykka IT-konferanse

Nesten 200 gjestar besøkte årets IT-konferanse i Øygardshallen på Giske 15. september. Tema for dagen var innovasjon og ny teknologi, og om vi grip dei moglegheitene teknologien gir oss

IT-konferanse
Det er sjette gongen IT-konferansen vert arrangert på Sunnmøre, og konferansen har blitt ein viktig møteplass for IKT-interesserte i regionen. I år arrangerte Tussa og TAFJORD konferansen saman, og tilbakemeldingane frå publikum er særs gode. Ei større konferanse med fleire gjestar, utstillarar og føredragshaldarar vart godt motteke.
 
Nær 200 besøkte IT-konferansen på Giske. Adm. direktør i Tussa IKT, Ivar Driveklepp opna
konferansen.
 

Oddgeir Garnes, Industry leader i Google Norge la ut om det innovative miljøet i Google og deira
innovasjonsprinsipp.
 
Ein engasjert Frederic Hauge, Bellona, fortalde om framtida, klimaendringar og batterirevolusjon.
 
Tesla var til stades med ny bil.
 
Pellegrino Riccardi ga publikum oppskrifta på det gode liv.
 
Ettermiddagen vart avslutta med mat frå Zuuma.