Aktuelt og media
(18.09.2017)
 

Vellykka feiring av Åmela kraftverk

Laurdag feira vi at Åmela kraftverk har vore i drift i 40 år. Det vart fullt hus då vi opna dørene til kraftstasjonen og synte fram anlegget som ligg 500 meter inne i fjellet i Dalsfjorden.

Open dag Åmela kraftstasjon
Åmela kraftverk er det nest største av Tussa sine 21 vasskraftverk. I 2017 er det 40 år sidan kraftverket produserte sine første kilowattimar fornybar energi. Det markerte vi med å invitere til open kraftstasjon. På ettermiddag var det jubileumsfest med historisk tilbakeblikk på Høgtun i Dalsfjorden.
 
Takk til alle som møtte opp og feira dagen saman med oss!
 
 
 
 
 
Det gjekk med nokre liter svelerøre denne dagen :)