Aktuelt og media
(13.11.2013)
 

Vellukka småkraftseminar i Loen

Måndag 11. november inviterte Tussa Energi og Fjord Energi til småkraftseminar i Loen. Om lag 70 personar deltok på arrangementet og dei fekk oppdatert seg innan kraftmarknad, kraftpolitikk og kraftprisar.
- Småkraftseminaret har blitt eit årleg arrangement vi får svært gode tilbakemeldingar på. I år hadde vi interessante føredragshaldarar og gode diskusjonar, så dette var eit vellukka arrangement, seier Tor Havåg, avdelingsleiar krafthandel i Tussa.

Tor Havåg, avdelingsleiar krafthandel i Tussa saman med Olav Botnen og Oskar J. Grimstad
 
Tussa har samarbeidd med Fjord Energi om småkraftseminaret dei to siste åra. Deltakarane på seminaret er frå småkraftverk på Sunnmøre og Nordfjord. I år var det ny deltakarrekord med 68 påmelde. Olav Botnen, senioranalytikar i Marknadskraft og Oskar J. Grimstad (Frp) i Energi og miljøkomiteen på Stortinget heldt innlegg om høvesvis kraftmarknaden og kraftprisar, og om ny politikk og rammevilkår for småkrafta den nye regjeringa legg opp til.
 
Utviklinga for kraftmarknaden og kraftprisane
Langsiktig utviklingstrekk for den nordiske kraftmarknaden i eit europeisk perspektiv, hydrologi og produksjon, konjunkturar og forbruk, og utvikling av nett-tilhøva for utveksling mot utlandet. Det var stikkord for Olav Botnen sitt innlegg.
 
Overproduksjon av kraft
Olav Botnen snakka mellom anna om at kraftprisane går ned som resultat av overproduksjon av kraft. Kraftforbruket går ned og det er massiv subisidiering av ny kraftproduksjon både i Norden og Europa elles. Dette er ein tendens vi ser allereie, og produksjonsoverskotet vl halde fram med å auke vidare fram mot 2020-åra. Botemiddelet er kablar, og det tek tid. Lyspunkta var få, men Botnen såg noko betre utsikter for kolmarknaden, samt sterkare områdeprisar i Noreg enn i Sverige, på lengre sikt. Ein viss eksport austover mot Russland kan og betre situasjonen.
 
Utjamning av prisane viktig
Oskar J. Grimstad frå Hareid er stortingsrepresentant for regjeringspartiet Frp. Grimstad sit no for andre periode i Energi og miljøkomiteen, der han er fraksjonsleiar for partiet. Grimstad snakka om kva retning regjeringa sin politikk vil ta. Han blei på førehand utfordra på grunnrenteskatt, ordninga for inngang i sertifikatmarknaden (2004-2009) og nettutvikling både lokalt og mot omverda.
 
Grimstad synte til vidare utgreiingar både med omsyn til heving av terskelen for grunnrenteskatt og mogleg lenging av perioden for godkjenning av sertifikatsøknader vidare etter 2020. Han uttalte og at han såg utjamning av prisane innanlands som viktigare enn å byggje fleire kablar til utlandet.
 

God stemning og gode diskusjonar blant deltakarane på seminaret
 
Krafthandel i Tussa:
Tussa er i tillegg til kraftverksutbyggar og kraftprodusent også aktør på den nordiske kraftbørsen Nadsaq OMX. I tillegg til forvaltning av eigen kraftproduksjon, leverer krafthandelsavdelinga også tenester til lokale private småkraftverk.
 
Fjord Energi AS:
Fjord Energi er tenesteleverandør for privat småkraft og er lokalisert på Sandane i Sogn og Fjordane. Fjord Energi leverer tenester mellom anna innan produksjonspåmelding, avrekning, prissikring og kraftforvaltning.