Aktuelt og media
(13.09.2016)
 

Vellukka Energikonferanse på Strømpeneset

Den årlege energi-konferansen til Tussa vart arrangert sist torsdag, og tilbakemeldingane frå deltakarane var svært gode. På programmet var det plass til både kraftmarknad, nettsaker og gode prosjekt ute hos kundane.

Energikonferanse 2016
Først ut var Ola Flesland frå Vedde/Triple Nine Group som fortalde om dei særlege utfordringane dei har innan energibruk i produksjonen av fiskemjøl og fiskeolje. Dette er svært energikrevjande, og selskapet har spart store beløp på å effektivisere energibruken. Mange av løysingane har dei utvikla sjølve, og dei jaktar stadig på tiltak som vil gi reduksjon utan at det går på akkord med kvaliteten på produkta. Fleire av tiltaka er gjennomført med støtte frå Skattefunn og dei har også nytta seg av studentarbeid/masteroppgåveskriving gjennom NTNU. 
 
Kjell Idar Saure i Tussa tok deretter over stafettpinnen og ga tilhøyrarane eit innblikk i korleis kraftprisen blir danna. Vi har dei siste månadene hatt til dels store prisforskjellar mellom prisområda i landet vårt, og høgst prisar her på Sunnmøre. Dette vil truleg verte noko meir utjamna med den nye linja mellom Ørskog – Fardal. Det har også vore andre flaskehalsar i overføringsnettet som har gjeve prisdifferansar. Saure ser for seg normale prisar rundt nivået i dag utetter hausten, men den store jokeren i dette biletet er som alltid vêret.   
 
Frå Ulstein Shipbuilding fekk vi eit godt innlegg frå Kjell Arve Vatne og Jan Peder Hoggen om korleis verftet har fått oversikt og kontroll med energiforbruket sitt. I arbeidet har dei hatt god hjelp av Enøk-senteret, og det er avdekkja store potensiale for reduksjon. Som så mange andre bedrifter på Sunnmøre har verftet utvikla bygningsmassen sin stegvis og utan særleg fokus på det totale energirekneskapet. No har verftet fått kartlagt alle dei kraftkrevjande prosessane, og vil ha dei beste føresetnadene for å gjere dei rette tiltaka i åra som kjem. I programmet har verftet fått støtte frå Enova.
 
Per Bjørkedal og Alice Eikås representerte Mørenett, og vi fekk som siste post på programmet ein status for arbeidet med innføringa av AMS og kva tankar myndigheitene gjer seg om trariffsystemet som vil følgje av at vi alle får timesleste målarar installerte i husa våre. Det skal skje store endringar dei neste åra, så nettspørsmål er utan tvil noko som vil bli løfta inn i programmet i dei komande arrangementa.
Som vanleg vart ettermiddagen avslutta med eit godt krabbelag, og vi fekk også med oss nokre fine gitartonar frå Børre Lødemel på vegen heim.