Aktuelt og media
(05.09.2014)
 

Vellukka energikonferanse

Over 30 bedriftskundar frå ytre, indre og Ålesund deltok på Tussa si energikonferanse den 3. september. Under tittelen «Kraft og krabbe» var det duka for både fagleg oppdatering og ein smak av det som hausten har å by på.

Føredragshaldarar på Energikonferansen 2014
Tussa baud på eit variert program på energikonferansen med føredragshaldarar frå Sibelco, Mørenett, Tussa og Grøn Fjord i Geiranger.
 
- Spennande faglege innlegg og god tid til meir uformell prat gjer dette til ein viktig møteplass, seier salssjef energi i Tussa, Margrete Heltne Hovde.

Ho lovar fleire energikonferansar i åra som kjem, og då gjerne slik at ein vekslar mellom å arrangere i eigarkommunane. I år vart møtet lagt til Strømpeneset i Ørsta, som står fram som eit av dei flottaste konferanselokala i regionen.       

Liv Kari Krøvel i Sibelco starta den faglege delen av programmet. Ho fortalde om bergverksbransjen og dei særlege utfordringane dei har innan styring av energibruken. Verksemdene er kraftkrevjande, og i samarbeid med Enøk-senteret har dei starta eit prosjekt for å redusere kraftforbruket med mellom 10 og 20 prosent dei neste åra.
 
Arve Hovdenakk frå Mørenett tok talarstolen etter Sibelco. Han ga kundane ei orientering om det nye nettselskapet på Sunnmøre, og fortalde om bakgrunnen for og måla med samanslåinga av Tafjord Kraftnett og Tussa Nett. Arve la også vekt på vedlikehaldsarbeidet som må gjerast i kraftnettet dei komande åra. Nettspørsmål  kjem ofte opp i samtalar Tussa har med kundane, og orienteringa vart teken godt imot av dei frammøtte.     
 
Tussa var representert ved Tor Havåg, leiar av krafthandelsavdelinga. I innlegget sitt trekte han liner bakover i tid, og såg på korleis kraftprisane har vore påverka av EU sin klimapolitikk, tysk utbygging av solenergi, finanskrise og atomulykka i Japan. Desse mekanismane er folk ofte ikkje klar over, og Tor fekk sett kraftprisen inn i ein større samanheng. Han avslutta med å sjå på kva marknaden forventar utviklinga vil vere dei neste åra.
 
Sist ut var Katrin Blomvik, som leiar Grøn Fjord-initiativet i Geiranger. I eit inspirerande foredrag la ho ut om korleis dei organiserer verksemder i Geirangerfjorden. Gjennom små og store tiltak har dei sett «sporlaus ferdsel» som mål i verdsarvområdet, som årleg får besøk av 200 cruisebåtar og 700 000 turistar. Eksos frå cruisebåtar og bussar ligg ofte som eit lok over fjorden i høgsesongen, og elektriske løysingar er noko dei jobbar fram mot.    
 
Etter den faglege delen var det duka til havets festbord. Det var mykje god prat rundt borda og god stemning.
 
- Vi er veldig godt fornøgde med arrangementet. I framkant hadde vi sett oss som mål å gi deltakarane ny kunnskap, inspirasjon og ein uformell møteplass. Det kan synast som vi nådde målet etter tilbakemeldingane vi fekk. Det er heilt klart at vi kjem til å arrangere fleire energikonferansar, avsluttar Margrete.