(10.09.2018)
 

Vellukka energikonferanse

Aktuelle faglege innlegg og god tid til uformell prat er suksessformelen til Tussa si energikonferanse. Konferansen har blitt ein viktig møteplass for bedrifter på søre Sunnmøre. I år var eit tredvetals bedrifter til stades på konferansen.

Variert program på Tussa Energikonferanse 2018
Tussa baud på eit variert program på energikonferansen, som vart arrangert på Strømpeneset i Ørsta 6. september. I tillegg til ei oppdatering om kraftprisar og kraftmarknaden frå Tussa sine eigne folk, var Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Developper og Mørenett på talarlista.
 
- Vi er veldig godt fornøgde med arrangementet. Målet vårt er å gi deltakarane ny kunnskap, inspirasjon og ein uformell møteplass, og vi har hatt godt besøk gjennom dei seks åra vi har arrangert konferansen. Tilbakemeldingane har vore gode, og vi kjem heilt klart til å arrangere fleire konferansar, seier Margrete Heltne Hovde, salssjef energi i Tussa.
 

Ny kunnskap, inspirasjon og ein uformell møteplass er målet når Tussa inviterer bedriftene til Energikonferanse.
 
Spår høge kraftprisar
Kraftbørsen i Tussa, ved Tor Havåg og Kjell Idar Saure starta den faglege delen av programmet. Marknadsanalytikar Havåg tok føre seg forventningar til kraftprisen både på kort og lang sikt. Han såg på årsaker til den høge kraftprisen vi har hatt i sommar, der varmt og tørt ver i Norden er ei av hovudårsakene. Ser ein i glaskula og spår korleis prisen vert framover, ser Havåg framleis høge kraftprisar. Det er mange mekanismar som påverkar prisane på lang sikt, til dømes politikk, nedbygging av kolkraft og kjernekraft, utbygging av ny fornybar energi og generell elektrifisering av samfunnet.
 
Kjell Idar Saure (over) og Tor Havåg (under) snakka om kraftmarknaden, marknadsmekanismar, eksport og import av kraft i sine innlegg.
 
 
Organisasjonskultur
Ole Martin Grevstad i Developper tok talarstolen etter kraftbørsen. Han ga tilhøyrarane ei innføring i organisasjonskultur, og kva krefter som styrer ein organisasjon i endring. Kvifor klarer nokre selskap seg betre enn andre gjennom endringsprosessar, og korleis få tilsette til å vere på sitt beste var spørsmål han stilte i innlegget sitt. Organisasjonskultur kan bety mykje for trivsel og effektivitet, og vil også vise igjen på botnlinja.
 
Ole Martin Grevstad engasjerte publikum i sitt innlegg om bedriftskultur.
 
Miljøbank
Sparebank 1 Søre Sunnmøre presenterte deretter sitt miljøprosjekt. Rolf Driveklepp, banksjef forretningsutvikling, fortalde at banken har som mål å tenke miljø i alle ledd i verksemda. Publikum fekk høyre om alt frå installering av ladestasjonar for elbil, miljøfyrtårnsertifisering og effektivt energiforbruk ved bruk av ulike sensorar og Energinett i banken sine lokale. 
 

Sparebank 1 Søre Sunnmøre er midt i eit omfattande miljøprosjekt. Under ser du nokre av bedriftene som banken har samarbeidd med i prosjektet, frå venstre Rolf Driveklepp i Sparebank 1, Mariann Eik i Enøk-senteret, Margrete Heltne Hovde i Tussa og Per Kristian Kile i Tussa.
 
 
Store investeringar i kraftnettet
Mørenett runda av den faglege delen med nytt om nett. Per Bjørkedal ga kundane ei orientering om aktiviteten i selskapet og prosjekta som både er i gang og planlagt framover. Utrullinga av smarte straummålarar er i sluttfasen. Per tok også føre seg dei store investeringane selskapet står framfor, mellom anna med å klargjere straumnettet for elektriske ferjer. Det er også mange større vedlikehaldsprosjekt.
 
Mørenett har høg aktivitet og store investeringar i kraftnettet framføre seg. Det fortalde Per Bjørkedal om.
 
Havets festbord
Etter den faglege delen var det duka til skalldyrbuffet, presentert av Tore Vinjevoll. Det var mykje god prat rundt borda og god stemning.
 
- Det har vore viktig for oss å involvere kundane og samarbeidspartnarane våre i kraftkonferansane. Ved at vi får løfta fram dei gode kundehistoriene og syne korleis vi jobbar saman på viktige område, byggjer vi opp om eit tett og godt samarbeid, avsluttar Hovde.