Aktuelt og media
(22.01.2016)
 

Varmevatn er det vi saknar mest viss straumen går

Den varme dusjen står øvst på lista over kva nordmenn ville sakne mest dersom straumen forsvann, tett etterfølgt av komfyren og frysaren. Litt over halvparten av folket seier dei ville sakna mobiltelefonen sin, medan brødristaren hamnar på siste plass.

Hytte_FB.png

Det viser ei landsomfattande undersøking Opinion har gjennomført for Energi Norge i høve Straumen sin dag laurdag 23. januar.

– I vår tid skulle ein kanskje tru at mobiltelefonen vart mest sakna om straumen forsvann, men han kjem først på ein sjetteplass etter varmevatn, komfyr, frysar, elektrisk oppvarming og lampar, fortel Oluf Ulseth, administrerande direktør i Energi Norge.

Sørlendingen er dei som meiner dei ville klart seg best viss straumen forsvann i 24-timar, medan Oslobebuarane er dei som ser seg mest avhengige av straumen.

– Forsyningssikkerheita på straum i Noreg er på 99,9 prosent, så straumen forsvinn svært sjeldan i Noreg. Likevel er det på Straumen sin dag viktig å reflektere over kor avhengige vi er av straum og kor viktig det er med høg forsyningssikkerheit, seier Ulseth.

Undersøkinga viser også kva nordmenn vil gjere viss straumen forsvinn i to timar:

  • Dei fleste av oss vil tenne stearinlys og lese bok om straumen forsvinn. Det er ein klart større del kvinner enn menn som svarar at dei vil gjere dette.
  • Menn (og personar under 40 år) er meir freista enn kvinner til å sove, ha sex eller fortsette mobilchat om straumen forsvinn.
  • I Nord-Noreg, Midt-Noreg og på Austlandet vil over 60 prosent tenne i peisen om straumen forsvinn. I Oslo er derimot ikkje det å tenne opp i peisen like populært. Berre 30 prosent av Oslobebuarane ville gjort dette viss straumen gjekk.
  • 31 prosent av hovudstaden sine innbyggjarar ville helst nytta tida til å ha sex med sambuar, ektefelle eller kjæraste ved eit straumbrot.
 
 
Straum gir oss lys, varme og opplevingar døgnet rundt – heile året. Straum er viktig i dag, og blir endå viktigare i morgon for å løyse klimaproblema. Fredag 23. januar blir Straumen sin dag markert.
Del di #straumglede på Instagram, og les meir på http://facebook.com/strommensdag
 
Delta i Tussa si fotokonkurranse her. Vinn iPad