Aktuelt og media
(06.06.2017)
 

Variert arbeidsveke hos Tussa

Dei siste vekene har fleire skuleungdommar hatt arbeidsveke hos Tussa. I løpet av veka får dei prøvd seg på oppgåver innanfor IKT, installasjon og kraftproduksjon.

- Vi ønskjer at elevane skal få sjå Tussa si breidde, og så langt som det er kapasitet i organisasjonen så har vi prøvd å tilby arbeidsveke der fleire selskap får gi eit innblikk i sitt virke. I år er opplegget for fleire av ungdommane to dagar hos Tussa IKT, to dagar hos Tussa Energi og ein dag hos Tussa Installasjon. Her får dei sjå og vere med på arbeid på kraftstasjonar, løysingssenteret, fiber og installasjon, seier organisasjonssjef Nina Melle Scharning.

I tillegg er det ungdommar som har avtalt å vere i berre eit av selskapa heile arbeidsveka.
 
 
Bileta er frå inspeksjon av bekkeinntak på Tussa-anlegget, der det også var behov for reinsking av grinda. Dette er i Lauadalen som ligg over bygda Rørstad på Bjørke.