Aktuelt og media
(26.06.2013)
 

Utvikling av datahub for kraftmarknaden

NVE ber Statnett starte arbeidet med å utvikle ein datahub for kraftmarknaden. Datahuben skal setjast i drift innan 1. oktober 2016, og skal handtere måleverdiar, avrekningsdata for regulerkraftavrekning og forretningsprosesser for leverandørskifte og anleggsovertaking.

Utviklinga av ein datahub for kraftmarknaden stettar energilova og måla om felles IKT-løysingar. Felles behandlingsfunksjonar for forretningsprosessar i kraftmarknaden blir rekna å ha samfunnsøkonomiske føremonar.
 
Les meir på NVE.no