Aktuelt og media
(06.04.2017)
 

Utrygg is i fjellet

Dei fleste regulerte vatn har område med svært svekka is. Skal du ferdast i fjellet og krysse islagde vatn er det viktig å kontrollere istjukna. Hald deg unna elveosar, for her er isen som regel utrygg.

Regulerte vatn på søre Sunnmøre. Klikk på kartet for å forstørre. (Kjelde: NVE.no)
 
På grunn av vasskraftproduksjon vil regulerte vatn ha endringar i vasstand og gjennomstrøyming som er ulike frå forholda til uregulerte vatn. Dette kan påverke isforholda på vatna.
 
Skal du ferdast i fjellet og krysse islagde vatn, er det viktig å kontrollere istjukna. Hald deg unna elveosar, for her er isen som regel utrygg.
 
Sjå www.varsom.no/isvarsel for oversikt over isforhold i Møre og Romsdal og resten av landet.
 
Les meir om Tussa sine kraftverk med kart over nedslagsfelt her: www.tussa.no/om-oss/kraftproduksjon
   
Ha ei god og sikker påske!