(04.12.2018)
 

Ungdommar med kraftkunst

I kunstprosjektet NoDå arbeider seks lokale ungdommar med temaet vatn og energi. Volda og Ørsta Kunstlag er eit av ti norske kunstlag som deltek i prosjektet, og Tussa er med på laget som sponsor.

No er første del av prosjektet ferdig, og resultatet er ei fotoutstilling på Kunsthuset i Ørsta. Utstillinga er open frå 6. til 9. desember frå klokka 12 til 16.
 
Etter jul startar del to av prosjektet, som er utforming av eit skulpturelt uttrykk.
 
NoDå er eit nasjonalt prosjekt om samtidskunst og kulturarv for ungdom, initiert av Norske Kunstforeninger. Gjennom aktiv deltaking skal ungdom i samarbeid med ein biletkunstnar skape kunstprosjekt med utgangspunkt i lokale kulturminne. I Ørsta og Volda har dei knytt til seg kunstnaren Robert Steinnes og valt vasskraft og energi som tema. Dei vil sjå på kva vasskrafta har hatt å seie for industriutviklinga i Volda og Ørsta, og har mellom anna vore på synfaring på Bjørdal kraftverk.
 
Ungdommane på besøk på Bjørdal kraftverk, eit av dei eldste kraftverka til Tussa, sett i drift i 1931. Dei lokale ungdommane som deltek i prosjektet er Idun Dorthea Sjøhelle Eiksund, Even Finnøy, Ylva Homlong, Birgithe Kristine Runde, Petrine Ystebakk Sjåstad og Emilie Myrene Stokke.