(08.05.2019)
 

Tussaligaen open for påmelding

Tussaligaen skal samle spelinteressert ungdom og vaksne på søre Sunnmøre. No er det opna for påmelding til første sesong.

I første sesong er det mogleg å melde seg på i spela Fifa 19, Rocket League og CS:GO.

 

For påmelding og meir informasjon, sjå www.tussaligaen.no.

 
Tussa lanserer e-sportliga
Det var før påske at Tussa gjekk ut med nyheita om at dei lanserer e-sportliga. Interessa for e-sport er i sterk vekst i Noreg. Gjennom Tussaligaen kan lokal ungdom og vaksne konkurrere i utvalde onlinespel. Tussaligaen opnar for påmelding etter påske, og det er mogleg å konkurrere i spela Rocket League, Fifa 19 og Counter Strike: Global Offensive.
 
- Vi ser fram til å skape ein arena på søre Sunnmøre der lokale spelinteresserte kan møtast for å konkurrere. Vi har eit ønskje om at e-sport skal stimulere til god spelkultur og samhald, og etter kvart bli ein velorganisert breiddeidrett i området vårt.
 
Som eit ledd i dette har vi inngått eit samarbeid med Barnevakten, ein ideell foreldreorganisasjon som arbeider for at barn og unge skal bruke media på ein trygg og bevisst måte, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

Nytt og etterlengta fritidstilbod
Tussa lanserer no e-sportliga, men vil også bidra med ressursar og kunnskap slik at e-sport får utvikle seg på søre Sunnmøre.
 
- Det er eit område det er naturleg for oss å engasjere oss i. Vi er breibands- og IT-leverandør, og har mange medarbeidarar og kundar med stor interesse for e-sport. Tussa bidreg til samfunnsutviklinga på søre Sunnmøre, og som lokal sponsor er vi kjend for å gi støtte til lag og organisasjonar. Tussaligaen er eit etterlengta fritidstilbod for ungdom og unge vaksne, seier Driveklepp.

Samarbeid med lokale eldsjeler
Med seg på laget i satsinga har Tussa fått Ole-Andreas Skår frå Herøy, som har gjort karriere av e-sport. Han er i dag manager for Nordavind, eit av Noreg sine beste e-sportlag. Andre viktige samarbeidspartnarar er Herøy LAN og Burnout Dataparty/Ulstein LAN.
 
Tussa har i fleire år støtta dei mange datatreffa som vert arrangerte på søre Sunnmøre, og ser det som viktig å halde fram samarbeidet med dei lokale eldsjelene. Deira kompetanse på e-sport har hatt mykje å seie for utviklinga av ligaen.
 
Dette er e-sport
E-sport, eller elektronisk sport, er konkurransespeling der utøvarane konkurrerer mot kvarandre i ulike spel på datamaskin eller spelkonsollar. E-sport er i sterk vekst og engasjerer millionar over heile verda. Det har blitt populært å følgje turneringar gjennom kanalar som Twitch og YouTube.
 
I Noreg er e-sport i ferd med å bli profesjonalisert, både gjennom stadig fleire utdanningstilbod på vidaregåande- og høgskular, og ved at store aktørar som til dømes Norsk Tipping og Norsk Fotballforbund engasjerer seg i e-sport.