(08.12.2020)
 

Tussa styrkar satsinga på IT-sikkerheit og Microsoft 365

Tussa IKT har ambisjonar om å vere Nordvestlandet sitt største IKT-miljø, og selskapet vil no tilsetje fleire nye medarbeidarar innanfor dei strategiske satsingsområda IT-sikkerheit og skytenester frå Microsoft. Dette er tenester det er stort behov for i marknaden.

Det spesielle året vi har bak oss viser kor stor verdi som ligg i digitale tenester, og kor viktig det er å prioritere IT-sikkerheitsarbeid. Aukande grad av digitalisering gjer at bedriftene er meir og meir avhengige av at internett og IT-tenester er oppe til ei kvar tid. Samstundes er konsekvensane av dataangrep og lekkasje av personopplysningar store. Mediebildet viser at fleire og fleire opplever dette, og IT-sikkerheit er no på styrebordet i mange bedrifter.
 
Ambisjonar
Tussa ønskjer å ta ein tydeleg posisjon innan IT-sikkerheit og skytenester frå Microsoft, kombinert med tenester frå det moderne og miljøvennlege datasenteret i Ørsta.
 
 
Fleire i skya
Tussa IKT har det siste året merka stor etterspurnad frå bedrifter som skal ta i bruk Microsoft si skyplattform. I slutten av 2019 opna Microsoft to datasenter i Noreg, og i april 2020 vart Microsoft 365 og skyplattforma Azure tilgjengeleg frå desse datasentera. Behovet i marknaden er stort, noko som Microsoft si satsing viser.
 
- Tussa IKT er Microsoft Gold-partnar og tilbyr rådgjeving innan Microsoft 365 sine sky- og samhandlingsløysingar. Vi ønskjer å dekke bedriftene sine IKT-behov med Microsoft sine skytenester, i kombinasjon med det moderne og miljøvennlege datasenteret vårt. Microsoft 365 og Azure er viktige satsingsområde, som vi no styrker ved å tilsetje nye medarbeidarar, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 
IT-sikkerheit er forretningskritisk
- Vi har svært god kompetanse innan teknisk sikkerheit og sikkerheitsleiing. I februar vart vi ISO 27001-sertifisert, og i løpet av året har vi utvikla nye sikkerheitstenester. Etterspurnaden etter tenestene våre er aukande. Vi har difor eit godt utgangspunkt for å lukkast no når vi satsar enda sterkare på IT-sikkerheitsområdet, seier Driveklepp.