Aktuelt og media
(21.10.2016)
 

Tussa støttar TV-aksjonen og Røde Kors

Tussa støttar Røde Kors og TV-aksjonen «Saman får vi hjelpa heilt fram».

TVaksjonen 2016.jpg
Tussa har i fleire år støtta Røde Kors Hjelpekorps på søre Sunnmøre og Nordfjord, og lokallaga har også fått Tussaprisen for arbeidet sitt.
 
I år er TV-aksjonen til inntekt for Røde Kors sitt arbeid for menneske råka av krig og konflikt. Gjennom TV-aksjonen skal meir enn to millionar menneske få livsviktig hjelp. I tillegg til å støtte det lokale arbeidet til Røde Kors, gir Tussa eit ekstra bidrag til årets TV-aksjon.
 
Skårar mål og støttar TV-aksjonen
Tussa er stolt sponsor av Volda handball, og same dag som TV-aksjonen, søndag 23. oktober, møter Volda damelag Oslo-laget Oppsal i Voldahallen. For å støtte ytterlegare opp om TV-aksjonen vil Tussa gi 200 kroner for kvart mål Volda damelag skårar til TV-aksjonen.
 
Kampen går i Voldahallen. Bli gjerne med og heie Volda-jentene fram til mange mål denne dagen!