Aktuelt og media
(02.02.2017)
 

Tussa sponsar UlsteinLAN

I vinterferien vert UlsteinLAN arrangert til glede for datainteressert ungdom i regionen. I år er dei tilbake i Ulstein skule på Skeide, der det heile starta for åtte år sidan. Godt breiband er heilt avgjerande for arrangementet, og Tussa er med på gamet og sponsar linje på 1 Gb/s.

UlsteinLAN.jpg

- For Tussa er det viktig å støtte lokale arrangement. Å bidra med godt breiband og utlån av utstyr til store og små lan på søre Sunnmøre er noko vi har gjort i fleire år. Det er gledeleg å sjå kor populære og miljøskapande desse arrangementa er for datainteressert ungdom. Ungdommar som får dyrke interessa si her, vil vi kanskje sjå som tilsette i Tussa om nokre år, seier Ann Kristin Einbu, kommunikasjonssjef i Tussa.

Støtta betyr alt

Per Olav Digre er styreleiar i Burnout Dataparty, som arrangerer Ulstein LAN. Han seier støtta dei får frå Tussa er heilt avgjerande for arrangementet.

- I år er vi tilbake i Ulstein skule på Skeide, der vi hadde vårt første lan. Det første året hadde vi 3 Mb/s mobilt breiband som knapt kunne dekke dei primære behova våre. Allereie året etter inngjekk vi partnarskap med Tussa, og fekk lagt opp ein fiberkabel til Hasund Grendahus på 200 Mb/s. I løpet av åra har vi oppgradert hastigheita meir og meir, og har no 1 Gb. I år er vi på grunn av oppussing tilbake på Skeide, men også her får vi sponsa 1 Gb-linje av Tussa. Vi må berre takke for god dialog og støtte gjennom åra, seier Digre.
 

Ventar fullt hus

Påmeldinga til årets UlsteinLAN er opna, og det er rift om plassane. På grunn av mindre lokale er det lagt ut 68 billettar. Hovudtyngda av deltakarane er i ungdomsskulealder, og dei kjem tilreisande frå heile søre Sunnmøre.
 
- Vi har ulike aktivitetar for deltakarane under arrangementet. Det meste av tida går med til spel, men vi har også 3D-skrivar, VR-briller til Playstation som deltakarane får prøve og ulike konkurransar med fine premiar, seier Digre.
 
 
 Billettar til UlsteinLAN finn du på Preseat.no
 Sjekk ut UlsteinLAN på Facebook: facebook.com/ulsteinlan