Aktuelt og media
(25.09.2014)
 

Tussa sitt 20. kraftverk er i drift

Onsdag 24. september vart Bruelva kraftverk sett i drift. Småkraftverket i Vanylven er Tussa sitt 20. og vil ha ein årsproduksjon på 3 GWh. Det svarar til straumbruken til 150 husstandar.

Bruelva kraftstasjon
Det var hektisk aktivitet på Bruelva kraftverk onsdag. Mange var i jobb både på kraftstasjonen, nettstasjonen og lukehuset for å gjere alt klart til idriftsetjing på ettermiddagen. Klokka 18.30 var alt klart, kraftverket vart sett i gang og Bruelva produserte sin første kilowattime (kWh.).
 
Byggjestart i 2013
Tussa har inngått avtale med grunneigar Børre Tverberg om bygging og drift av Bruelva kraftverk. Konsesjonen var på plass allereie i 2009, men på grunn av manglande linjekapasitet starta utbygginga først i 2013.

- Sidan dette er eit lite kraftverk, har vi hatt stort fokus på å gjere utbygginga så kostnadseffektiv som mogleg. Kraftstasjonsbygget er lite og kompakt, og vi har valt enkle løysingar der det er tenleg, seier kraftverksjef Terje Myklebust.

Kraftstasjonen er berre på 66 m2, og på grunnplan er det akkurat plass til generator, turbin, trafo og høgspentrom. Kontrollrommet ligg på «hemsen». Installert effekt i kraftverket er 1 MW. Turbinen er ein horisontalmontert to-stråla Peltonturbin. Generatoren er luftkjølt, ikkje vasskjølt som på dei noko større generatorane som Tussa har bygt i dei siste kraftverksprosjekta. 

20 kraftverk
Bruelva kraftverk er ein viktig milepåle for Tussa, som no har 20 vasskraftverk i produksjon. Kraftverka er geografisk plasserte over heile søre Sunnmøre.
 
 
I løpet av november vil også det 21. kraftverket kome i produksjon. Skår kraftverk ligg også i Vanylven kommune, og vil ha ein produksjon på om lag 5 GWh i året. Samla vil Tussa sine kraftverk då ha ein produksjonskapasitet på om lag 680 GWh i året. Det er nok til å forsyne over 30 000 husstandar med straum i eit år.
 
Kraftverksjef Terje Myklebust i den 66 m2 store kraftstasjonen, som rommar turbin (blå), generator (raud), trafo og høgspentrom. Kontrollrommet er plassert på "hemsen".

Lukehus og dam i Bruvatnet. Noko arbeid står igjen utvendig på lukehuset.
 
Bjørn Berge, ingenør i Mørenett, var på plass i nettstasjonen onsdag for å lage til kommunikasjon og fjernstyring av nettstasjonen og kraftverket. Fjernstyring vil si at produksjonen ved kraftverket blir styrt frå Mørenett sin driftsentral i Ålesund etter instruksar frå Tussa.
 
Idar Auflem Øye, ingeniør i Mørenett, driv sekundærtesting. Det vil si at han simulerer ulik spenning for å teste at kraftverket koplar ut ved feil i nettet, slik at utstyr ikkje blir øydelagt.