Aktuelt og media
(14.09.2017)
 

Tussa ser mot sola

Sjølv om vi ikkje er på verdstoppen i soldagar her i landet, så vert solenergi stadig meir relevant for oss. Prisane på solanlegg går nedover og teknologien blir betre. Tussa Installasjon leverte nyleg eit stort anlegg til Høgskulen i Volda, og ser dette som eit satsingsområde i åra som kjem

Hovudbilde_solselle.png
Solcelleanlegget på taket til Høgskulen i Volda dekkjer eit areal på om lag 1000 m2, og leverer rundt 10 % av forbruket ved skulen
 
Tussakonsernet er tufta på grøn og berekraftig energiproduksjon, og det er difor naturleg at solenergi vert ein del av tilbodet i åra som kjem. Gjennom teknologimiljøet i Tussa Installasjon har ein kompetansen til å levere heile verdikjeda frå prosjektering til ferdig installert og nøkkelferdig løysing.
 
I dag er det slik at nettselskapet tek hand om overskotsproduksjonen i solcelleanlegga, men dette ansvaret skal i løpet av neste år overførast til kraftleverandøren. Tussa vil då ha klart eit plusskundeprodukt, der vi kjøper krafta i periodar kunden ikkje brukar ho sjølv.
 
Ta kontakt med Tussa Installasjon om du er interessert i å vite meir om solcelleprosjekt.