(24.08.2021)
 

Tussa sender direkte frå Melshornløpet

Melshornløpet blir arrangert for første gong i år, og Tussa sender direkte frå motbakkeløpet i Volda. Sendinga ser du på Facebook og YouTube laurdag 4. september klokka 9.

Melshornløpet 2021 - foto: Melshornets venner

Melshornløpet blir arrangert for første gong i år, og Tussa er med på laget som sponsor og støttespelar. Melshornløpet er eit motbakkeløp frå Volda sentrum til toppen av Melshornet (807 m.o.h.) i Volda/Ørsta. Det er foreninga Melshornets venner som står som arrangør av motbakkeløpet.

Traseen går frå Volda sentrum, langs Elvadalen til Årneset, deretter opp i Bratteberg, til Dinglavatnet og Melshornet. Løpet har både konkurranseklasse og mosjonsklasse. I tillegg er det eit eige barneløp frå sentrum og opp Elvadalen til Årneset.

Tussa støttar ei rekkje aktivitetar, lag og organisasjonar på søre Sunnmøre, med mål om bygdene våre skal vere attraktive stader å bu, arbeide og besøkje. Spesielt kjekt er det å få vere med når eldsjeler tek initiativ til nye arrangement, og få bidra til å stable på beina noko nytt til glede for små og store.

Sendinga ser du her:

 
For påmelding og meir informasjon besøk Melshornløpet på Facebook