(27.01.2021)
 

Tussa og VTI Fotball fornyar sponsoravtale

Tussa og VTI Fotball har forlenga samarbeidet og signert sponsoravtale for tre nye år. Tussa har i ei årrekkje støtta fotballklubben, som har 450 aktive spelarar i alle aldersgrupper.

- Vi har eit godt samarbeid med VTI Fotball og er glade for å kunne støtte opp under aktiviteten til ein av dei største klubbane på søre Sunnmøre. VTI Fotball sin visjon om å vere ein breiddeklubb det skal vere råd å verte best i, går godt saman med Tussa sine mål og visjonar. Tussa ønskjer å vere ein lokal og ansvarleg medspelar, som bidreg til å skape aktivitet i lokalsamfunna på søre Sunnmøre, seier Ann Kristin Einbu, kommunikasjonssjef i Tussa.
 
Runar Aahjem Løvold i VTI Fotball, er svært nøgd med å forlenge avtalen med Tussa.
 
- For oss som frivillig organisasjon er det heilt avgjerande for oss å ha gode og trygge samarbeidspartnarar og sponsorar i lokalsamfunnet. Tussa er ein bærebjelke i vårt lokalsamfunn og bidreg til at vi og mange andre, kan leggje til rette for trygge og gode aktivitetar for born, unge og vaksne. Vi som klubb ønskjer heile tida å utvikle oss gjennom å kunne tilby enda betre aktivitetstilbod, attraktive fasilitetar og ein trygg og god organisasjon som skal vere enkel for alle å halde seg til. Dette ynskjer vi skal skje utan at vi må gjere aktivitetstilbodet dyrare for medlemmane våre i form av auka treningsavgift. Sponsoratet frå Tussa bidreg sterkt til at vi kan oppnå akkurat dette, noko vi er svært takksame for!
 
Tussa har gjennom mange år vore ein støttespelar for barn- og ungdomsaktivitet på søre Sunnmøre, det vere seg innanfor idrett eller kultur. Dei siste åra har over 100 lag og organisasjonar fått sponsorstøtte frå Tussa kvart år. Den bærande tanken bak Tussa si sponsorverksemd er å bidra til attraktive lokalsamfunn på søre Sunnmøre.