(31.10.2019)
 

Tussa og Sykkylven Energi inngår fiberavtale

Tussa og Sykkylven Energi samarbeider om å levere eit fiberbasert aksessnett til Telia sine mobilmaster i Sykkylven. Avtalen er del av Telia sitt arbeid med å forsterke den norske mobilnettinfrastrukturen.

Tussa og Sykkylven Energi inngår ei langsiktig avtale, og skal i samarbeid byggje opp eit robust aksessnett basert på fiber til mobilmaster. Målet er at Sykkylven Energi over tid skal levere tilnærma 100 prosent av transmisjonsbehovet til Telia i Sykkylven.
 

Per Arne Edvardsen i Sykkylven Energi og Ivar Driveklepp i Tussa IKT ser fram til
meir samarbeid, no om å føre fiber fram til Telia sine mobilmaster i Sykkylven.
 
Godt samarbeid i fleire år
Fibernetta til Tussa og Sykkylven Energi er kopla saman og det er etablert ringstrukturar mellom områda. Dei siste åra har selskapa samarbeidd om å levere internett og linjer til bedriftsmarknaden. Dei har også samarbeidd om fjernstyringssamband som er viktige for kraftforsyninga. Den nye fiberavtalen vil styrke samarbeidet ytterlegare.
 
-Det etablerte fibernettet i Sykkylven er påliteleg og har god redundans, noko som gir eit godt utgangspunkt for å levere fiber til Telia sine mobilmaster. Samarbeidet gjer at vi kan tilby ei god samla løysing til Telia, seier Ivar Driveklepp, administrerande direktør i Tussa IKT.
 
-Sykkylven Energi har bygd ut eit omfattande fibernett som snart alle innbyggjarar og bedrifter kan kople seg opp på. Vi ser fram til å samarbeide med Tussa om framføring av sambandsfiber til mobilmastene og er godt nøgde med at mobilkundar i Sykkylven får tilgang til eit mobilnett med god dekning, seier administrerande direktør Per Arne Edvardsen i Sykkylven Energi.